Strandabøen i Ørsta

Strandabøen er ein gard i Hjørundfjorden, gardsnummer 111 i Ørsta kommune. Før kommunesamanslåinga 1.1.1964 var den gardsnummer 1 i Hjørundfjord.

Garden er veglaus, og ligg ved fjorden, på austsida, nesten 5 km frå Gjæveneset i Sykkylven kommune. Det er vel 1 km vidare innover i fjorden til einaste grannegarden, Molaupen. Garden har berre eitt bruk, og vart fråflytta i 1947.

Garden er svært brattlendt, og ligg i eit område med mange fonner. Hovudbøen er såleis avgrensa av to fonngjøl: Inste og Yste Strandabøfonna.

Garden har truleg blitt rydda og busett på 1500-talet. I 1603 var her ein brukar. Levebrødet var allsidig gardsdrift og fiske på fjorden. Garden hadde ikkje seter.

Frå 1923 og utover vart her laga eit lite kraftverk til eige bruk, og garden hadde eige ysteri. Strandabøen ligg nokså solrikt til, og her vart planta frukttre og laga bærhage. Midt på 1930-talet vart det også starta med gartneridrift, som gjekk godt. Brukaren hadde motorbåt, og den relative nærleiken til Ålesund gav høve til omsetning av produkta. Det vart likevel etter kvart vanskeleg å bu på ein slik stad, særleg med omsyn til born og skulegang, og dette førte til at garden vart fråflytta.

I 1960 vart garden seld til Vestlandske Kraftsamband. Dei heldt ikkje husa ved like. Men frå 1979 har Hjørundfjord Sogelag og andre gjort ein innsats for å berge det som enno stod att.

Namnet endre

Namnet vert uttala strandabønn og tyder truleg rett og slett «garden ved stranda».[1]

Kjelder endre

  • Lars Strømme og Ragnar Standal: Hjørundfjordboka Band III Gard og ætt, Ørsta 1988 ISBN 82-991200-2-0, side 7–17.

Referansar endre