Opna hovudmenyen

Strandebarm kyrkje

kyrkje i Kvam kommune i Hordaland

Koordinatar: 60°16′10″N 6°0′47″E

Strandebarm kyrkje
kyrkje
Strandebarm kirke fra RA.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Kvam
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Hardanger og Voss
Sokn Strandebarm
Fellesråd Kvam
Type Langkyrkje
Arkitekt Ole Vangberg
Material Tre
Innvigd 1876[1]
Tårn I vest
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 550
Wikimedia Commons: Strandebarm kirke

Strandebarm kyrkje står i Strandebarm i Kvam herad i Hordaland fylke, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1876. Arkitekt for kyrkja var Ole Vangberg.

Strandebarm kyrkje is located in Hordaland
Plasseringa til Strandebarm kyrkje

Kyrkja er soknekyrkje i Strandebarm sokn i Hardanger og Voss prosti.

Den noverande kyrkja er den tredje ein kjenner til har vore i Strandebarm. Den fyrste, som var ei stavkyrkje, finn ein fyrst nemnd i kjeldene frå 1306. Stavkyrkja brann ned i 1659. Det vart då bygd ei ny kyrkje som stod til ho vart riven i samband med bygginga av den noverande kyrkja.[2]

FotnotarEndra

  1. Alf Henry Rasmussen, red. (1993). «Strandebarm kyrkje». Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo Forlag. s. 360. ISBN 82-7527-022-7. 
  2. ««Strandebarm kirke» på nettstaden disnorge.no».  Vitja 2. august 2009

BakgrunnsstoffEndra