Streiken i Sauda i 1970

Streiken i Sauda i 1970 eller berre Saudastreiken er ei nemning på streiken mellom omnshusarbeidaraneSauda Smelteverk frå 2. juni til 3. juli 1970. Sauda er ein tettstad i Rogaland fylke. Tettstaden kan karakteriserast som ein einsidig industristad. 240 omnhusarbeidarar gjekk til streik ved smelteverket som fram til 1977 heitte Electric Furnace Products Company og var utanlandsk eigd. Streiken vara i fem veker utan stønad frå fagforbund og Landsorganisasjonen (LO). Trass i dette fekk arbeidarane gjennom fleire av krava sine. Streiken vart kjend over heile landet. Konflikten vart heitare då det vart kjend at streikeleiaren var kommunist.

Sjå òg

endre

Bakgrunnsstoff

endre