Bokverket Strilesoga

(Omdirigert frå Strilesoga (historieverk))

Strilesoga er eit historieverk eller eit bokverk i til saman fem band, utgjeve i tidsrommet 1996 til 2001. Målsettinga til strilesoga er å fortelja soga eller historia til strilane.

Fyrsteamanuensis John Ragnar Myking, fylkesarkivar i Hordaland fylke Egil Nysæter og professor Ingvild Øye var med i redaksjonen for Strilesoga. Egil Ertesvaag var med i redaksjonen fram til 1995.

Soga om strilesogaEndra

Nord- og Midhordland sogelag gjorde i 1985 framlegg om eit samla historieverk for området. På Strilelandet var det ei nyvekt interesse for eiga historie og eigen kultur. Sogelaget sette ned ei nemnd som i 1987 la fram ein plan for verket som grunnlag for søknader om tilskot. Stiftinga Regionsoga for Nord- og Midhordland vart etablertt i 1991 etter at det økonomiske grunnlaget var nokolunde sikra. I 1992 kunne dei første forfattarane ta til med arbeidet.