Stromatolitt
Stromatolittar eller algematter (frå gresk strōma, matte, lag, stratum, og lithos, bergart) er laminerte sedimentære strukturar danna ved lagvis binding av kalkslam på overflata av koloniar med blågrønbakteriar eller grønalgar.
I dag blir dei danna i tidevassonen i grunne havområde, der det veks matter av samanfiltra algetrådar. Ofte opptrer stromatolittar i dag i saltsjøar og marine laguner der det finst lite av grasande organismar; til dømes Hamelin Pool Marine Nature Reserve i Shark Bay i Vest-Australia og Cuatro Ciénegas i Mexico.
Stromatolittar var meir utbreidd på jorda i prekambrium. Arkeiske fossil vert rekna å vere eincella koloniar av blågrøne algar, medan yngre (proterozoiske) fossil er prehistoriske former for grønalgar. Ein art av stromatolittar som var vanleg i geologihistoria er Collenia.
Førekomstar av stromatolittar
endre- Gunflint Chert i Ontario i Canada (1900 millionar år gammal)
- Chert frå Belcher-øyane i nordre Canada (1900 millionar år)
- Bitter Spring Chert i Vest-Australia (800 millionar år)
- Chert og dolomittstein frå California i USA (800 millionar år)
- Chert og skifer frå Aust-Grønland
Stromatolittar i Noreg
endre- Raipasgruppa i Alta (ca. 1800 millionar år gammal)
- Porsangerdolomitt (700 millionar år gammal)
- Yngre kalksteinar
- Dolomitt frå seint i kambriumtida på Svalbard
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Stromatolitter» frå Wikipedia på bokmål, den 5. januar 2014.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Grotzinger and Knoll; Stromatolites in Precambrian Carbonates: Evolutionary Mileposts or Environmental Dipsticks? 1999.
- Allwood et al. (2006) Stromatolite reef from the early Archean era of Australia; Nature, 441 714-718.