Stuberg

gard på Fedje

Stuberg er ein gard på Fedje som høyrer til Nedrelandet. Nedrelandet omfattar den nedre delen av matrikkelgarden nr. 168, altså alle bruka utanom Kopper og Husa. I motsetnad til desse to vart Stuberg og dei andre bruka på Nedrelandet kalla plassar i skriftlege kjelder. Desse var både mindre og hadde dårlegare jord enn Kopper og Husa.

Stuberg
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Fedje
Postnummer 5947 FEDJE
Gardnummer 168

Den første delen av namnet kjem av det gammalnorske «stoð».[1] Dette tyder stolpe eller støtte, og kan vere knytt til det bratte berget der Stuberg ligg. Stuberg er ein av dei eldste gardane på Fedje og vart først nemnd i 1522.

Garden ligg sentralt ved hovudhamna mellom Muren, Grenda og Vika. I 1970 fekk Statens vegvesen ei tomt på garden og det vart bygd ferjekai for bilferja MF «Fedje». Sambandet var til Rossneset i Radøy og Hoplandssjøen i Austrheim fram til 1990, då det vart bygd nytt ferjeleie på Sævrøyna i Austrheim.

Kjelder endre

  • Arvid Skogseth (1997). Fedje og folket: Gards- og ættesoge for Fedje. Fedje kommune. 

Fotnotar endre

  1. Oluf Rygh (1910). Norske Gaardnavne 11. s. 426.