Stumfilm er eit omgrep brukt om film som berre innheld bilete utan lydspor. Teknologien til å produsera film kom på 1870-talet, men den eldste gjenverande filmen er i frå 1888 av Louis Le Prince. Filmen vert kalla «Roundhay Garden Scene» og er berre to sekund lang.

Roundhay Garden Scene frå 1888

Stumfilm tar ofte i bruk tekstskilt for å forklare handling og for å få fram replikkar. Filmane vart òg ofte akkompagnert av lydeffektar og musikk for å skape stemning.

I løpet av 1920-talet og 1930-talet vart talefilmen gradvis meir vanleg, og sidan er det berre laga få stumfilmar, slik som Jacques Tati sin Les Vacances de Monsieur Hulot (1953) og Mel Brooks sin Silent Movie (1976). The Artist kom ut i 2012 og er den siste stumfilmen som har blitt produsert (2014).

Produksjon endre

På slutten av 1800-talet vart fotoutstyret teknisk forbetra, slik at det var mogleg å ta mange bilete etter kvarandre på kort tid, og då celluloiden vart oppfunnen, hadde ein eit materiale som var sterk nok til å bli ført gjennom ein projektor.

Brødrene Lumiere endre

Brødrane Auguste Lumiere (fødd 19. oktober 1862, død 10. april 1954) og Louis Lumière (fødd 5. oktober 1864, død 6. juni 1948) var to franske oppfinnarar og forskarar.

Brødrane var særlig kjent for avgjerande eksperiment innan fargefotografi, der dei blant anna utvikla autokrommetoden, som kordinerte farger osb. og for verdas første filmframvisar, kalla kinematografen

Brødrane Lumiere vaks opp i Lyon. Faren deira, Antoine var malar og fotograf, og etablerte etter kvart eit studio i Lyon. Auguste og Louis tok til å arbeide i studioet og familiebedrifta vaks. Faren utfordra Lumiere brødrane til å laga eit apparat som kombinerte levende bilete med projeksjon, og 13. februar 1894 fekk dei patent på apparatet. Det var denne utfordringa frå faren som gjorde at verdas første filmframvisar vart oppfunnen.

Brødrene Lumières arbeid førte til den første offentlege filmvisinga på Grand Cafe på Bulevard des Capucines, like ved Operaplassen i Paris den 28. desember 1895. Filmen viser arbeidarar som forlet fabrikken.

Bakgrunnsstoff endre