Stykkgodsskip er skip spesielt tilpassa transport av stykkgods. Dei har gjerne heisekraner eller lasteramper for lastebil eller gaffeltruck for å føre lasta i rommen på skipet.

Stykkgodsskipet «Cap San Diego» ved Überseebrücke i Hamburg.
Kaffisekker som stykkgods i lasterommet til Cap San Diego

Ved utgangen av 2003 hadde flåten i verda av stykkgodsskip ein total lastekapasitet på 94,8 millionar dødvekttonn, noko som utgjer 11,1 % av den totale verdsflåten. Delen av verdsflåten har gått sterkt tilbake dei siste tiåra (30,2 % i 1970). På éi side er det no større avstand mellom råvareleverandørane og produsentane, difor fraktast meir råvarer med tørrlasteskip til produserande land. På ein anna side har spesialiserte containerskip teke over store delar av transporten av ferdige varer frå produksjonsstadane til konsumentane.

Attkjenning endre

Stykkgodsskipa finst i mange ulike variantar avhengig av kva for ei spesiell last dei er berekna på. Dei som har lasteluker på dekk, vil ha kranar for å lasta og lossa. Desse skipa vil typisk lasta sekker eller rullar.

Andre igjen vil ha sideportar eller akter- eller baugportar for tilgjenge til lasteromma. Dette er typisk for kjøleskipa som køyrer last på pallar inn i lukka lasterom med kjøleanlegg.

Norske reiarar endre

Dei største norske reiarane i dette segmentet er Bergensbaserte reiarar som Kristian Gerhard Jebsen, Westfal-Larsen og Grieg Billabong. Dei har stykkgodsskip som vert lasta gjennom lasteluker på dekk.

Nor-Cargo er ein annan aktør som opererer skip for norske reiarar i Noreg, medan Green Reefers har kjøleskip for transport av fisk frå Noreg til kontinentaleuropa.

Bakgrunnsstoff endre

UNCTAD/RMT/2004 Om stykkgodsskip frå UNCTAD (engelsk)