Stylophone er ein liten, analog synthesizer som vert spelt med ein stift. Han vart funnen opp i 1967 av Brian Jarvis,[1] og kom i produksjon i 1968, produsert av Dubreq. Han består av eit metall-klaver som vert spelt ved å røre tangentane med ein stift. Kvar note vert er knytt til ein spenningskontrollert oscillator via ein motstand—og lukkar dermed ein krins. Dei einaste andre kontrollane var ein av- og påknapp og ein vibratokontroll på framsida, ved sidan av klaveret, i tillegg til ein stemmekontroll på baksida. Det vart seld tre millionar Stylophone-instrument, hovudsakleg som leiketøy for barn.

Stylophone frå midten av 1970-åra blir spelt.
Ein stylophone

Stylophone var tilgjengeleg i tre variantar: standard, bass og diskant, der standardversjonen var den klårt vanlegaste. Det finst òg ein større versjon kalla 350S med fleire tonar på klaveret, forskjellige stemmer, ein enkel «wah-wah»-effekt som var kontrollert gjennom å flytte handa over ein fotosensor, og to stiftar.

I midten av 1970-råa kom ein ny modell med falskt tre på høgtalarpanelet og ein volumkontroll. Dette var kort tid før Stylophone-produksjonen stoppa i 1975.

Underhaldaren Rolf Harris var i fleire år talsmann for marknadsføringa av Stylophone i Storbritannia, og kom med fleire plater ein kunne spele i lag med.

Nytugåve i 2007 endre

 
Relansering av Stylophone i 2007 av Re:creation.

I oktober 2007 lanserte Re:creation, i samarbeid med Dubreq Ltd (som vart starta på ny i 2003 av Ben Jarvis, sonen til den opphavlege oppfinnaren), Stylophone, 32 etter produksjonen vart lagt ned. Den nye modellen, offisielt kalla S1, er ein digital kopi som liknar den originale frå 1960-åra, men har ein volumkontroll og ein audio-gjennomløpsfunksjon, i tillegg til to nye lydar.[2]

I popkulturen endre

David Bowie spelte Stylophone på den første hitsingelen sin, «Space Oddity».[3]

Den 5. mars 2010 i Kermode Uncut vodcast, spelar Kermode ei utgåve av Richard Strauss sin «Also sprach Zarathustra» på Stylophone til ære for Duncan Jones-filmen Moon.[4]

Stylophone S2 endre

I desember 2012 gav Dubreq ut Series 2 Stylophone, ein britiskprodusert, analog synthesizer.[5]

Kjelder endre

  1. David McNamee. «Hey, what's that sound: Stylophone | Music». Theguardian.com. Henta 17. januar 2016. 
  2. Elliott, Amy-Mae (14 September 2007). «"Iconic" Seventies Stylophone to be revived by HMV». Pocket-Lint Ltd. Arkivert frå originalen 25. oktober 2008. Henta 17. januar 2016. 
  3. «AllMusic Credits Space Oddity». 
  4. arkivkopi, arkivert frå originalen 9. mars 2010, henta 17. januar 2016 
  5. «Dubreq Stylophone S2». Stylophone2.com. 28. januar 2013. Henta 17. januar 2016.