Eit styre vert brukt til å få ein båt på rett kurs. Stundom vert «styre» og «ror» brukt om einannan. Tradisjonelt heiter det styre på båtar på Vestlandet, i Trøndelag og i Nord-Noreg. Det heiter òg styre på jekter. På Skagerrakkysten heiter det ror. Ror heiter det òg på fartøy.[1] Ein har mest bruk for styre under segling, men det kan òg kome til nytte når fleire ror.

Styreår på ein egyptisk elvebåt. Måleri frå eit gravkammer 1422-1411 f. Kr.

Utvikling endre

3-4 000 år gamle egyptiske avbildingar syner ei eller fleire styreårar atterut. Utviklinga i Middelhavet gjekk mot breiblada styreårar på ei eller båe sider av båten.

 
Skisse av styret på Gokstadskipet.

Styre på vikingskip endre

Vikingskipa hadde styret festa bak på låringastyrbord side av båten. I ripa gjekk eit band kring styret og heldt det på plass der. Over ripa gjekk ein styrepinne inn i båten. Med den vreid styremannen på styret for å endre retning. Lenger nede på båtsida var styret festa til ein styreklamp med eit tau eller ei lérreim , styrebandet, som gjekk gjennom styret, klampen og inn i båten. Der var det festa. Og der kunne det strammast. Klampen var runda. Når styrepinnen var manipulert, dreia styret på klampen og endra retning. Styreklampen gjekk så langt ut at styret stod om lag vertikalt når det var festa på klampen og på ripa. I nedre bakkant av styret var festa eit løftetau slik at styret kunne heisast opp når styrebandet vart slakka.

Frå om lag 1300 finn ein stamnstyre på båtar og skip i Norden. Samstundes vert sidestyre nytta. Det er uvisst når stamnstyre vart det vanlege, og kor snøgt denne overgangen gjekk.[2]

Stamnstyre endre

tradisjonelle norske båtar er stamnstyre vanleg.

Styrejarn endre

 
Styrelykkja er festa på båten. Så skal styrepiken festast på styret [3]
 
Styret vert sett på medan båten ligg på sjøen. Styrepiken må treffe styrelykkja.
Foto: Andreas Vartdal

Stamnstyret er festa med særskilt tillaga styrejarn på bakstamnen. Den nedste er ofte festa på lottet, eller stemnet, som bind saman kjøl og stamn. Desse jarna verkar som hengsler. Dei har ulike namn, og delvis forskjellig utforming på ulike stader langs kysten. Det vanlegaste har vore at det nedste jarnet på båten er ei lykkje, ofte kalla styrelykkja. Nedst på styret er det festa eit beslag med ein jarnpik, kalla styrepik eller styr-hake. Når styret skal festast på båten vert styrepiken sett ned i styrelykkja. Denne konstruksjonen gjer at ein kan montere eller demontere styret når båten ligg på vatnet. Dete kan vere krevjande arbeid når det er uroleg sjø. For å gjere det enklare har styrelykkja gjerne S-skap. Den eine enden ligg opp langs lottet og er med på å leie styrepiken på plass. Dei øvste jarna vert oftast kalla styr-låset eller liknande. Her vert ei jarnlykkje på styrbladet sett inn i ei todelt lykkje på stamnen. Ein jarnpik som kan førast langs stamnen vert smett inn i desse lykkjene og låser styret fast.

I Nordfjord vart det i 1880-åra teke i bruk ein annan måte å feste styret på. Ein lang rund jarntein vart festa på lott og stamn. Han var flat i overkant slik at ei styreklo som vart festa nedst på styre kunne tredast innpå. Når kloa kom lenger ned var teinen så vid at ho ikkje smatt av. Eit jarn festa på båten tok mot og bar tyngda av styret. Opp vart slike styre festa med eit vanleg lås, elle det kunne brukast ein jarntein der og.

Styret endre

 
Eit styre frå ein sunnmørsfæring.
Foto: Andreas Vartdal

Den delen av styret som står ned i vatnet er styrebladet. Ein smalare hals går opp til styrehovudet, i høgd med stamnen. Der er styret festa til styrvol eller styrepinne. For å gjere styret breitt nok er det ofte sett på ei utfôring i bakkant, styresop. Styre på råseglbåtar er ofte smalare enn styre på sneseglbåtar av same storleik.[4]

 
Styre på ein vengbåt frå Trøndelag med styretopp og styrepinne.
Foto: Andreas Vartdal

Stamnstyret har utvikla seg over tid. Det er og visse geografiske forskjellar langs norskekysten.

  • Nordlandsbåten. Dei eldste nordlandsbåtane ein veit om hadde styre som var smale, tjukke og stakk djupt i sjøen. Fordelen med det djupe styret var at det kunne ha feste i sjøen sjølv om det vart lensa på store sjøar. Desse styra var heller beine og det vart eit stort rom mellom båten og nedste enden av styret. Dette gjorde at taug som låg i vatnet lett hekta seg fast. Dette kunne føre til at det vart skade på fiskereiskap, fortøyingar og andre båtar. Etter kvart fekk båtane stilk. Dei fekk ein vinkel på baklottet. Styret vart meir kromma etter båten og stakk ikkje så djupt. Det har vorte peikt på at når styret var meir eit med båten var det mindre risiko i å segle over båtkvelv for å redde folk.[5]
  • Åfjordbåten har eit styre som styr mykje vertikalt i sjøen. I motsetnad til styre på dei gamle nordlandbåtane vert det ein god del breiare i nedre del, slik at opninga mellom båt og styre vert lita. Noko som særmerkjer syra på åfjordbåtane er styretoppane. Kvar høvedsmann hadde si personlege utforming på dei, og var dei kjennemerke for mann og båt.[6]
  • Båtar på Nordvestlandet har eit styre som er godt bøygt etter båtforma, slik at mykje av styret bladet vert liggande mest horisontalt under bakre del av båten. Slitekjølen går heilt bak til styret, der han vert saga i ein spiss som vernar styrepiken og styrespissen så dei ikkje heng seg fast på taug i sjøen.
  • Vestlandsbåtar har og eit styre som er godt bøygd etter bakstamn og lott. På dei nyare nordfjordbåtane hindrar styreteinen at styret sopar med seg ting i sjøen.

Styrvol endre

 
Styre, styrvoltunge og styrvol i bruk.
Foto: Andreas Vartdal

Til å svinge styret har dei fleste vestnorske bruksbåtar, opp til Finnmark, ei todelt styrestong, styrvol med styrvoltunge. I styrehovudet er et bora eit hol. Det er opp til 5 cm på dei største båtane. Gjennom det står styrelomen, den rundsmia enden på styrvoltunga. Styrvoltunga står vinkelrett ut frå styrehovudet. I andre enden har ho ein krok, der styreklauv bind styrvoltunga til styrvolen. Dette vert eit hengsla ledd. Styrvolen er ei sterk, heller grann stong som går så lang fram at han kan brukast frå bakarste rommet. På større åfjordbåtar og nordlandsbåtar vert det brukt styrepinne, rorkult.

Når styrvol vert brukt framfor rorkult, er det mellom anna fordi den som styrer har større makt over styret, og kan reagere snøggare. Styrvolen kan brukast å båe sider i båten. Han kan flyttast over ved at styrelomen vert løyst frå styrehovudet. Så vert styrvoltunga montert frå andre sida av styret. I tillegg til at styrelomen er trædd gjennom holet i styret vert styret festa antan med krok, styrekroken eller slengjehaken, eller med ei styrespøte, ei sterk trespøte som vert pressa gjennom eit hol i styrelomen. På små båtar kan det brukast eit slengestyre. Då er styrvoltunga hengsla på styret, slik at ho berre kan kastast over på andre sida. Når ein dreg styrvolen fram vil vil båten svinge til den sida styrvolen er på. Skuvar ein bak svingar båten andre vegen. Det er lettast og snøggast å drage styrvolen fram. Under segling ynskjer difor dei fleste å ha styrvolen på lo side. Då kan ein dra styrvolen fram for å presse båten mot sjø og vind. Ein annan fordel med styrvol er at den som styrer kan stå på vindsida i båten,og vere ein viktig del av ballasten. Med rorkult må den som styrer gå ned i lesida, og småbåtar kan vert meir ustabile. Dette er særleg uheldig under vending.

Materiale endre

Styret vert utsett for store påkjenningar under segling. Ein prøver å finne så sterke materialar som råd. Det har vore vanleg å bruke nedste delen av trestamma. Ein ynskjer og å få med noko av ei rotgrein. Ein formar styret slik at denne rotdelen vender fram under båten. På denne sterkaste delen vert beslaget til styrepiken festa. Til styreåre på vikingskip ser det ut til at det har vore vanleg å ha med rothalsen, men då vender han bak.

Styrvoltunga vert helst laga av ein naturleg bjørkekrok. Ho vert høvla til rett dimensjon, og kjeften som går inn på styrvolen vert saga ut. Naglen som bind saman styrvolen og styrvoltunga er gjerne av bjørk, hegg eller tindved.

Styrvolen skal vere lang, lett og sterk, utan å vere heilt stiv. Han vert ofte teken av ein granstokk. På båtar med styrepinne er det hol i styrepinnen som går ned på styrehovudet. Han må då vere sterk mot sprekking. Ofte vert det sett ein saum eller eit jarn bak på styrepinnen for å gjere han sterkare. Styrepinnen vert helst laga av bjørk.

Anna endre

Styret vil slå frå side til side når båten ligg på vatnet i uroleg sjø. For å gjere forholda betre for den som til dømes ligg om bord og skal sove, vert det sett ein styrestopp mellom stamnen og styret. Det er ein spesialutforma treklampe som avgrensar rørslene til styret.

Fotnoteliste endre

  1. Gunnar Eldjarn og Jon Godal: Åfjordbåten og Nordlandsbåten Bind 4
  2. Vestlandsbåtar.
  3. Jakob D. Bjørkedal (1987). Båtbygging på Bjørkedalen,Ord og uttrykk. Volda: Møre og Romsdal distriktshøgskule. s. 26-27. 
  4. Åfjordbåten og Nordlandsbåten Bind 3
  5. Ottar nr 2. 2002
  6. Åfjordbåten og Nordlandsbåten Bind 3

Kjelder endre

  • Jon Bojer Godal: Tre til båtar. Oslo 2001. ISBN 82-529-2403-4
  • Øystein Færøyvik: Vestlandsbåtar
  • Gunnar Eldjarn og Jon Godal: Åfjordbåten og Nordlandsbåten Bind 2, 3 og 4.ISBN 82-992217-1-4
  • Nautisk billedleksikon. J.W.Cappelens forlag 1963
  • James Graham-Campbell:Vikingenes verden. Tiden norsk forlag. 1980
  • Jakob D. Bjørkedal: Båtbygging i Bjørkedalen. Møre og Romsdal distriktshøgskule, Volda 1987
  • Gunnar Eldjarn: Fembøringen "Draugen" i Ottar. nr 2. 2002