Styrebrønn, eller styreluke, er ein cockpit for den som styrer eit dekka fartøy utan overbygg. Nedsenking i dekk gjer at rorkulten kjem i passeleg høgd.

Colin Archer sin redningsskøyter var styrebrønnen delt. Bak mesanmasta stod rormannen med rorkulten eller styretaljen. Fram om masta var det plass til ein eller to mann som passa skauta til klyver, fokk og storsegl. I styrebrønnen var det naglar til å feste skaut og anna tauverk.

RS «Stavanger» var den første redningsskøyta med sjølvlensande styrebrønn. Røyr gjekk frå botnen av brønnen og ut gjennom skutesida.

Etter kvart fekk fartøya styrebås og styrehus.

Kjelder endre