Suecia antiqua et hodierna

Suecia antiqua et hodierna (latin for Det tidlegare og noverande Sverige) er eit topografisk plansjeverk med koparstikk over Sverige under stormaktstiden. Verket vart utarbeidd av Erik Dahlbergh (1625–1703) og finansiert av den svenske staten. Det kom ut fyrste gongen i 1716.

Biletet i Suecia antiqua et hodierna av hjelm og sporar som den norske helgenkongen Heilag-Olav skal ha hatt, men som er mykje yngre. Den latinske teksten i svensk omsetjing fortel: «Den norske konungen Olof den heliges hjälm och sporrar, minnesmärken som fordom funnos i Trondheim men som sedan av den svenska konungen Erik XIV vid Trondheims erövring fördes därifrån och överlämnades till Storkyrkan i Stockholm, där de ännu finnas att se.» No er dette i Statens historiska museum: Foto av gjenstandane. Sjå elles artikkelen om Storkyrkan.
Tittelbladet frå Suecia antiqua et hodierna, fyrste bandet. Teikningen er ved David Klöcker Ehrenstrahl.

Verket inneheld 353 plansjar med 469 koparstikk. Hundre av dei syner byar i dåverande Sverige med Österland og riksdelar i det noverande Finland. Andre viser ymse slott, herregardar, kyrkjer m.m. Planen var at verket òg skulle innehalde ein tekstdel.

Arbeidet starta i 1660, då Dahlbergh reiste Sverige rundt for å teikne byar og viktige byggverk. Han fekk kjende kunstnarar til hjelp med teikningane, mellom dei Johan Lithén, gravøren Johannes Aveelen og hoffmalaren David Klöcker Ehrenstrahl.

Dahlbergh fekk tilsett gravørar frå Frankrike og Holland, og reiste sjølv til Paris for å styre arbeidet. Etter han reiste heim tok Samuel Agriconius (Åkerhielm) over.

Trykkinga av verket tok lang tid og fyrst i slutten av 1720-åra var plansjedelen til ein viss grad eit ferdig bokverk. Det har seinare komme ut i fleire nyutgåver.

Kjelder endre