Suffolk
Suffolk er eit ikkje-metropolitansk grevskap i East Anglia i England. Det grensar til Norfolk i nord, Cambridgeshire i vest og Essex i sør. Nordsjøen ligg i aust. Administrasjonsbye er Ipswich og andre viktige byar er Lowestoft, Bury St Edmunds og Felixstowe, ei av dei største containerhamnene i Europa.[1]
Suffolk | |
---|---|
![]() | |
Geografi | |
Status | Seremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap |
Opphav | Historisk |
Region | Aust-England |
Areal | 3 801 km² |
Demografi | |
Folketal - Totalt (2008) - Folketettleik |
715 700 188,3 /km² |
Etnisitet | 97,2 % kvite |
Distrikt | |
![]() |
Grevskapet er lågtliggande med få åsar og stort sett våtmarksområde og dyrkbar mark med våtmarksområdet The Broads i nord.
Frå 1889 til 1974 var Suffolk delt i to administrative grevskap, East Suffolk og West Suffolk med administrasjonssenter i respektive Ispwich og Bury St Edmunds. Det er ingen sameinte styresmakter i Suffolk og det seremonielle og det administrative grevskapet har derfor same grenser.
BakgrunnsstoffEndra
- Suffolk grevskapsråd
- BBC Suffolk
- Bilete frå Suffolk Arkivert 2010-03-27 ved Wayback Machine.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Suffolk» frå Wikipedia på engelsk, den 29. november 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Felixstowe South reconfiguration inspector's report Arkivert 2009-12-03 ved Wayback Machine. Department for Transport