Opna hovudmenyen
Sultans of Swing
Singel av Dire Straits
frå albumet Dire Straits
B-side «Eastbound Train» (UK), «Southbound Again» (US)
Utgjeve Mai 1978 (original), januar 1979 (nyutgjeving)
Innspelt Februar 1978 (Basing Street Studios), April 1978 (Pathway Studios)
Sjanger Roots rock, pubrock, bluesrock
Lengd 5:48, 6:00 (originalversjon)
Selskap Vertigo, Warner Bros. (US)
Låtskrivar(ar) Mark Knopfler
Produsent Dire Straits (demo), Muff Winwood
Dire Straits-kronologi
Sultans of Swing «Water of Love»
(1978)


«Sultans of Swing» er ein song av det britiske rockebandet Dire Straits frå debutalbumet til 1978. Han vart skriven av frontmannen Mark Knopfler. Sjølv om han først vart gjeven ut i 1978, var det først då han kom ut på ny i 1979 at han vart ein hit både i Storbritannia og USA.

Songen vart først spelt inn som demo i Pathway Studios i Nord-London i juli 1977, og fekk raskt fans då han vart spelt på Radio London. Populariteten nådde raskt plateselskap og Dire Straits fekk tilbod om kontrakt med Phonogram Records. Songen vart så spelt inn på ny tidleg i 1978 i Basing Street Studios i lag med debutalbumet til bandet, Dire Straits. Plateselskapet ønskte ein mindre polert rockestil for radio, så ein alternativ versjon vart spelt inn i Pathway Studios i april 1978 og gjeven ut som singel i somme land, inkludert Storbritannia og Tyskland.

Bakgrunn og komposisjonEndra

Musikken for «Sultans of Swing» vart skriven av Mark Knopfler på ein National Steel-gitar i open stemming, men Knopfler tykte ikkje om han så mykje i starten. Han har fortalt, «Eg syns han var keisam, men så snart eg kjøpte min første Strat i 1977, endra det seg, sjølv om teksten vart den same. Han kom i live så snart eg spelte han på den ’61 Strat, som vart verande hovudgitaren min i mange år, og som var gitaren eg brukte aller mest på det første albumet. Dei nye akkordendringane presenterte seg sjølv og fall på plass».[1]

Inspirasjonen til songen kom då han såg eit jazzband som spelte i hjørnet på ein nesten tom pub i Deptford i Sør-London. Mot slutten av konserten annonserte songaren at dei var «Sultans of Swing», og Mark Knopfler fann kontrasten mellom den sjuskete utsjånaden til bandet og puben og det grandiose namnet morosamt.[2] Paul Williams skreiv at bandet i songen «har ingen håp i det heile tatt om å slå gjennom... det er ikkje ein springbrett til ein annan stad. Det er, ta det som det er, meininga med liva deira, og mykje av stordomen til songen er den enorme respekten dette gjev lyttaren for desse personane (same om dei er flinke musikarar eller ikkje) og vala dei har gjort. Måten dei har valt å leve på».[3]

Columbia-artisten Bill Wilson hevda at han hadde skrive fleire av tekstlinjene i songen då han og Knopfler begge var studiomusikarar som arbeidde i Nashville.[4][5] Dette er særs usannsynleg, sidan Knopfler først vitja Nashville lenge etter songen kom ut.

I følgje noteark publisert på Musicnotes.com av Sony/ATV Music Publishing, er songen i 4/4-takt med eit tempo på 146 slag i minuttet. Han er skriven i d-moll. Den grunnleggande akkordprogresjonen i songen er Dm–C–H–A for versa og F–C–H for refrenga.[6] Riffet i songen nyttar triolar. Knopfler nytta liknande triolar på «Lady Writer».[7]

InnspelingEndra

You get a shiver in the dark
It's raining in the park but meantime
South of the river you stop and you hold everything
A band is blowing Dixie double four time
You feel alright when you hear that music ring

Mark Knopfler (1978)

Kort tid etter bandet vart danna i 1977, spelte Dire Straits inn ein fem songar lang demo i Pathway Studios med «Sultans of Swing» i tillegg til «Water of Love», «Down to the Waterline», «Wild West End» og David Knopfler sin «Sacred Loving».[8][9] Dei tok lydbandet til radioprogramleiaren Charlie Gillett, som hadde eit radioshow kalla Honky TonkBBC Radio London. Bandet ønskte berre råd, men Gillett likte musikken og spelte «Sultans of Swing» på showet sitt. To månader seinare hadde Dire Straits halt i land ein platekontrakt med Phonogram Records.[8]

«Sultans of Swing» vart spelt inn på ny i februar 1978 i Basing Street Studios for debutalbumet til bandet, Dire Straits. Han var produsert av Muff Winwood. Knopfler nytta fingerplukking som gitarteknikk på innspelinga. Den markante, «reine» tonen vart skapt ved å setje den signalfangaren på Knopfler Fender Stratocaster til den midtre posisjonen.

ListerEndra

Songen vart gjeven ut på singel i mai 1978, men selde då dårleg. Då han kom ut på ny i januar 1979 gjekk songen inn på singellista i USA. Suksessen til singelen kom meir enn seks månader etter albumet han først kom ut på, vart gjeven ut i oktober 1978, noko som var uvanleg. BBC Radio ønskte først ikkje å spele songen, fordi han hadde for mykje tekst, men etter han vart ein hit i USA, endra dette seg.[10] Songen nådde topp 10 i både Storbritannia og USA, med ein åttandeplass på UK Singles Chart og ein fjerdeplass på Billboard Hot 100. Dette var med på å drive salet av albumet, som òg vart ein hit.

Songen vart gjeven ut på singel igjen i november 1988, ein månad etter han kom med på samlealbumet til bandet, Money For Nothing, og nådde då 62. plassen i Storbritannia. Han kom òg med på Sultans of Swing: The Very Best of Dire Straits og The Best of Dire Straits & Mark Knopfler: Private Investigations.

Liste (1978-1979) Plassering
Belgia[11] 14
Canadian RPM Adult Contemporary[12] 26
Canadian RPM Top Singlar[13] 4
Frankrike (SNEP)[14] 36
Tyskland[15] 20
Irland[16] 6
Italia[17] 12
Nederland[18] 11
New Zealand[19] 12
Sør-Afrika[20] 3
UK Singles Chart[21] 8
US Billboard Hot 100[22] 4

MottakingEndra

Kritikarane har stort sett hylla songen. Ken Tucker i Rolling Stone peikte ut «Sultans of Swing» som eit høgdepunkt på albumet med sin «uunngåelege hook» og samanlikna vokalstilen til Knopfler med Bob Dylan.[23] The New Rolling Stone Album Guide kalla songen «ein innsmigrande bit av myteskaping av eit barband» med tekstar som «måler eit livleg bielte om eit oversett og undervurdert pubband».[24] The Spokane Chronicle-skribenten Jim Kershner skreiv at «Sultans of Swing» er «merkverdig, både på grunn av teksten som gjer narr av hippe, unge Londonbuarar og den fenomenale gitarspelinga til Knopfler» som «ikkje høyres ut som noko anna gitar på radio».[25] Jon Marlowe frå The Palm Beach Post kalla han «ein smittande, ode til alle bar band som har gjort fire set per kveld, sju gonger i veka, som høyres særs bra ut på bilradioen».[26] Georgiy Starostin hylla «arpeggioane i uttoninga som tok pusten frå ein».[27]

I 2013 skreiv Rick Moore i «American Songwriter» om innverknaden til songen:

« “Sultans of Swing” var eit friskt pust seint i 70-åra. Sjølvsagt, Donald Fagen og Tom Waits skreiv flotte tekstar om folk du ønskte å møte, og Jeff Beck og Eddie Van Halen var store gitaristar. Men Knopfler gjorde begge ting like bra eller bedre enn nokon andre der ute på sin eigen måte, og verka ikkje å ha nokre openberre inspirasjonskjelder, utanom Dylan. Som hans samtidig og framtidige duettpartnar Sting, var ideane til Knopfler intellektuell og musikalsk stimulerande, men òg tilgjeneleg for den vanlege lyttaren. Det var nesten som jazz for lekmannen. “Sultans of Swing” var ein leksjon i verslære og smakfull gitarspeling som sjeldan har blitt overgått sidan. Om du ikkje kjenner “Sultans of Swing” eller ikkje har høyrt på han på ei stund, bør du definitivt sjekke han ut. [28] »

Record Mirror rangerte songen som årets song det året.[29] I 1992 kåra Life «Sultans of Swing» til ein av dei fem beste sognane i 1979.[30] I 1993 inkluderte Paul Williams «Sultans of Swing» i boka si, «Rock and Roll: The 100 Best Singles».[3] Songen er med på lista til The Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma Rock and Roll, den einaste songen Dire Straits har med på lista.[31] I 2006 inkluederte Mojo «Sultans of Swing» på lista si over dei 50 beste britiske songane.[32] Gitarsoloen i songen nådde 22. plass på lista til Guitar World over dei beste gitarsoloane gjennom tidene, og 32. plass på lista til Rolling Stone over dei beste gitarsongane.[1][33]

Andre versjonarEndra

Knopfler improviserte og utvida soloen under konsertane deira. Den avsluttande delen på konsertverjsonen frå Alchemy frå 1984 er ein av dei mest minneverdige soloane til Knopfler, der han strekkjr songen til nesten 11 minuttar.[34] Einannan minnerik konsertverjon av songen vart framført i 1988 på Nelson Mandela 70th Birthday Tribute-konserten i LondonEric Clapton vart med bandet på songen.[35]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «100 Greatest Guitar Solos: No. 22 «Sultans of Swing» (Mark Knopfler)». Guitar World. 21. oktober 2008. Henta 15. september 2014. 
  2. «Song Stories - «Sultans of Swing"». Rolling Stone. Henta 16 April 2014. 
  3. 3,0 3,1 Williams 1993, s. 166-167
  4. http://www.stringdancer.com/billwilson/index_files/Article-Nuvo12081993.pdf
  5. http://www.nuvo.net/indianapolis/bill-wilsons-back/Content?oid=2512934#.U41bPNzC7MU
  6. «Digital Sheet Music – Dire Straits – Sultans of Swing». Musicnotes.com. Sony/ATV Music Publishing. 
  7. Rooksby 2002, s. 104
  8. 8,0 8,1 Oldfield 1984, s. 42
  9. Wooldridge 2002, s. 1962
  10. «Humble guitar hero in Istanbul tonight - Hürriyet Daily News and Economic Review». www.hurriyetdailynews.com. Henta 15. september 2014. 
  11. «Sultans of swing in Belgian Chart». Ultratop and Hung Medien. Henta 15. september 2014. 
  12. «Sultans of swing in Canadian Adult Contemporary Chart». Library and Archives Canada. Henta 15. september 2014. 
  13. «Sultans of swing in Canadian Top Singlar Chart». Library and Archives Canada. Henta 15. september 2014. 
  14. Hung Medien. «Sultans of swing in French Chart». Henta 15. september 2014.  You have to use the index at the top of the page and search «Dire Straits"
  15. «Sultans of swing in German Chart». Media control. Henta 15. september 2014. 
  16. «Sultans of swing in Irish Chart». IRMA. Henta 15. september 2014.  Only one result when searching «Sultans of swing"
  17. «Indice per Interprete: D». HitParadeItalia (it). Henta 15. september 2014. 
  18. «Sultans of swing in Netherlands Chart». Nederlandse Top 40. Henta 15. september 2014. 
  19. Hung Medien. «Sultans of swing in New Zealand Chart». Henta 15. september 2014. 
  20. John Samson. «Sultans of swing in South African Chart». Henta 15. september 2014. 
  21. «Dire Straits». Official Charts Company. Henta 15. september 2014. 
  22. «Dire Straits awards on Allmusic». Allmusic. Henta 15. september 2014. 
  23. Tucker, Ken (25. januar 1979). «Dire Straits». Rolling Stone. Henta 15. september 2014. 
  24. Brackett 2004, s. 242
  25. Kershner, Jim (3. april 1992). «Dire Straits: Tour Provides A Great Opportunity to See a Great Band». The Spokane Chronicle. Henta 15. september 2014. 
  26. Marlowe, Jon (26 November 1980). «Dire Straits 'Making Movies' Stcks to a Reality That Really Sticks to Your Heart». The Palm Beach Post. Henta 15. september 2014. 
  27. Starostin, Georgiy. «Dire Straits». Starostin Record Reviews. Henta 15. september 2014. 
  28. Moore, Rick (7. januar 2013). «Dire Straits - «Sultans of Swing"». American Songwriter. Henta 24 May 2014. 
  29. «Record Mirror End of Year Lists». Rock List Music. Henta 15. september 2014. 
  30. «Life». Rock List Music. Henta 15. september 2014. 
  31. «Experience The Music: One Hit Wonders and The Songs That Shaped Rock and Roll». Rock & Roll Hall of Fame. Arkivert frå originalen den 12 November 2012. Henta 30. mars 2011. 
  32. «Mojo». Rock List Music. Henta 15. september 2014. 
  33. «Music News: Latest and Breaking Music News». Rolling Stone. Henta 15. september 2014. 
  34. Ruhlmann, William. «Alchemy: Dire Straits Live Review». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 15. september 2014. 
  35. Dougherty, Margot (27. juni 1988). «South African Freedomfest». People. Henta 24 May 2014. 

BakgrunnsstoffEndra