Sumtangen er eit område på stranda av Finnsbergvatnet søraust for HardangerjøkulenHardangervidda, om lag 1190 meter over havet. Her har store reinsdyrflokkar symja over vatnet årleg i uminnelege tider, slik det synar seg av spor etter jegerar og leivningar etter reinslakting på denne staden frå steinalderen og framover mot våre tider. På Sumtangen ligg det dungar av gamalt bein av reinsdyr mellom 7 300 år gamle tufter etter bustader, tufter etter bustader frå yngre steinalder, frå bronsealderen og frå jarnalderen, og ruinar av steinbuer frå mellomalderen.

Det har til tider gått føre seg masseslakting av reinsdyr ved at reinsdyrflokken har vorte styrt mot vatnet, jaga utpå og drepe av jegerar i båtar. Kan hende har jegerane slege dyra i hel i vatnet, eller drege dei levande på land etter gevira for å avlive dei der, då det ikkje er funne pil- eller spydspissar på botn av vatnet under granskingar som marinarkeologar («undervassarkeologar») har gjort.

Litteratur endre