Opna hovudmenyen
Sun Structures
Studioalbum av Temples
Utgjeve 5. februar 2014
Innspelt Pyramid Studios i Kettering i Northamptonshire
Sjanger
Lengd 52:48
Selskap Heavenly Records
Produsent James Bagshaw[1][2]
Temples-kronologi
Sun Structures Volcano
(2017)


Sun Structures er debutalbumet til det britiske gruppa Temples. Albumet vart spelt inn på soverommet til vokalist Bagshaw i den lille byen Kettering[3][4] og gitt ut 5. februar 2014. Sun Structures fekk stor merksemd og interesse kort tid etter utgjevinga. I april 2014 var Sun Structures det mest spelte albumet på den amerikanske radiostasjonen KEXP Seattle.[4] Mange fans meinte at Temples burde gitt ut albumet tidlegare, spesielt med tanke på at mange av songane var allereie spelt inn – og gitt ut på singel. Likevel ville plateselskapet og Temples venta til februar 2014.[5]


InnhaldEndra

Alle songane er skrivne og komponerte av James Bagshaw og Thomas Warsley

Side A
# Tittel Lengd
1. «Shelter Song»   5:12
2. «Sun Structures»   4:23
3. «The Golden Throne»   4:10
Side B
# Tittel Lengd
4. «Keep in the Dark»   4:36
5. «Mesmerise»   3:42
6. «Move with the Season»   5:10
Side C
# Tittel Lengd
7. «Colours to Life»   5:11
8. «A Question Isn't Answered»   5:11
9. «The Guesser»   4:06
Side D
# Tittel Lengd
10. «Test of Time»   3:53
11. «Sand Dance»   6:31
12. «Fragment's Light»   1:57

MedverkandeEndra

TemplesEndra

ProduksjonEndra

  • Thomas Caslin stod for designet og layouten på plata
  • Zoë Maxwell – fotograf
  • Abbie Stephens – fotograf[7]

ListeplasseringarEndra

Liste Topplassering
  UK Independent Albums[8] 2
  Britisk OCC-liste[9] 7
  Irish Independent Albums[10] 10
  Skotsk OCC-liste[11] 17
  Schweizer Hitparade[12] 24
  Independent Albums[13] 31
  MegaCharts[14] 36
  ARIA-lista[15] 38
  Top Rock Albums (Billboard)[16] 44
  Official Top 100[17] 47
  Ultratop Vallonia[18] 58
  Syndicat National de l'Édition Phonographique[19] 66
  Ö3 Austria Top 40[20] 69
  IRMA-lista[21] 69
  Ultratop Flandern[22] 80
  US Billboard 200[23] 163

UtgjevingshistorieEndra

Land Dato Plateselskap
Japan[24] 5. februar 2014 Hostess Entertainment
Australia[25] 7. februar 2014 [PIAS] Australia
Irland[26] Heavenly Records
United Kingdom[27] 10. februar 2014
Frankrike[28] [PIAS] Cooperative
USA[29] 11. februar 2014 Fat Possum Records
Tyskland[30] 14. februar 2014 [PIAS] Cooperative

OmtaleEndra

Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic70/100[31]
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic     [2]
The Independent     [32]
Rolling Stone     [33]
The Needle Drop5/10[34]
The Guardian     [35]
musicOMH     [36]
Clash9/10[37]
New Musical Express8/10[1]
PopMatters6/10[38]
Under the Radar8/10[39]
Pitchford Media5.5/10[40]
Drowned in Sound5/10[41]
The 4O58/10[5]
Time Out     [42]

Sun Structures mottok både skarp kritikk og mykje lovprisnad. Albumet er mildt sagt ein nostalgisk opplevelse ifylgje Tim Sendra[2], medan andre sa at det gjekk på bekostning av originalitet.[3][34][38] Mange musikkjournalistar la vekt på kor sterkt Sun Structures minna om andre kjente artistar; og difor ikkje overraska med eigen originalitet — ein musikk som er utelukkande deira.[32] Kate Bennett skriv at Sun Structures kanskje ikkje vinn noko pris for den mest banebrytande lydbilete, men at ein ikkje kan vera usamd i at det er dyktige musikarar, som har gitt ut eit herleg og trygt debutalbum.[39] Anthony Fantano meiner at vokalisten ikkje klarar å motstå å trekkja det han kallar for «Revolver-kortet».[34] Graeme Marsh synest at vokalen på albumet minner om T. Rex-vokalist Marc Bolan.[36] Andre – på ei anna side – deriblant Kate Bennett, skriv at vokalen gir sterke reminisensar til Robert Plant, i dei rolege delane.[39]

Bandet klarte ikkje kunne gøyma si beundring for andre artistar; kanskje spesielt ikkje The Beatles.[3][34] Albumet gir minne til andre psykedeliske og progressive band, som The Byrds,[1][34][32][42] Pink Floyd[5][41] Beach Boys,[36][37] 13th Floor Elevators[1], tidleg T. Rex,[35][40] [42] Simon & Garfunkel,[37] The Flaming Lips[34][38] og Led Zeppelin.[39] James Manning går så langt å skildra albumet og Temples som «retrofetisjistiske».[42] Fantano gir ein god analogi til eit teaterstykke: Teateret har fantastiske kostymar og kulissar, «men personlegheitstrekka, scenane og replikkane synest smerteleg likt noko eg allereie har vore borti».[34] Gjennom heile plata er Temples besatt på å etterlikna idola sine, utan eit hint av originalitet, skriv Nathan Stevens.[38] Jayson Greene kritiserer albumet for sitt retro lydbilete; han meiner det er berre nokre få element som minnar oss om at ein høyrer på eit nytt band.[40] Plata prøver så hardt å vera flytande og spontant kreativ, men i realiteten er det berre 3-4 idear, skriv Marc Burrows.[41] Sun Structures er på den måten veldig retro, men livlaust.[42]

Kate Bennett uttalte at det var vanskeleg å tru at eit band frå ei bygd i Midlands kunne utgje eit så sjølvsikkert debutalbum.[39] Kritikarar gav skrøyt til musikaliteten i Sun Structures. Graeme Marsh at albumet inneheld perfekte gitarriff.[36] Tim Jonze skryt òg av gitaren, som er «gjennomvåt av syre».[35] Anthony Fantano viser til god produksjon; og at songane høyrest nydelege ut.[34] Ana Leorne skildrar opningsongen, «Shelter Song», til kjensla då ho forelska seg i gutar.[5] Marsh legg vekt på at bandet ikkje begrenser seg sjølv til døsige, monotone gitarar, som andre psykedeliske band,[36] men gir eit fint bidrag til ein psykedelisk «revival».[5][35][42] Fantano er usamd: Han meiner at Temples har neglisjert noko av det viktigaste innan psykedelisk rock – evna til spontanitet. Både Fantano og Burrows seier at Sun Structures er for snever og lir av ein idémangel.[34][41] Stevens viser òg til manglande individualitet, og skildrar Sun Structures som ein talentfullt, men ansiktslaust utgjeving.[38]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Beaumont, Mark (7. februar 2014), «Temples – 'Sun Structures'», New Musical Express, henta 10. desember 2014 
  2. 2,0 2,1 2,2 Sendra, Tim (2014), «Sun Structures — Temples», Allmusic, henta 9. desember 2014 
  3. 3,0 3,1 3,2 Moon, Tom (12. februar 2014), «Album Review: 'Sun Structures', By Temples», National Public Radio, henta 10. desember 2014 
  4. 4,0 4,1 4,2 ««Temples - Full Performance (Live on KEXP)»». KEXP. YouTube. Henta 11. desember 2014. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 Leorne, Ana (29. januar 2014), «Temples — Sun Structures», The 4O5, henta 10. desember 2014 
  6. Tuffrey, Laurie (16. juli 2013), «Ascending The Golden Throne: Temples Interviewed», The Quietus, henta 13. desember 2014 
  7. Sun Structures (CD liner notes). Temples. Heavenly Records. 2014. HVNLP100CD. 
  8. ««2014 Top 40 Independent Albums Archive». Official Charts Company. Henta 11. desember 2014.  Teksten « Official Charts Company» » er ignorert (hjelp)
  9. ««2014-02-22 Top 40 UK Albums Archive»». Official Charts Company. Henta 11. desember 2014. 
  10. ««GFK Chart-Track Albums: Week 7, 2014»». Irish Independent Albums. Henta 11. desember 2014. 
  11. ««2014-02-22 Top 40 Scottish Albums Archive»». Official Charts Company. Henta 8. desember 2014. 
  12. ««Temples - Sun Structures»». Swiss Charts. Henta 11. desember 2014. 
  13. ««Temples – Chart history: Independent Albums»». Billboard (Prometheus Global Media). Henta 11. desember 2014. 
  14. ««Temples - Sun Structures»». Dutch Charts. Henta 11. desember 2014. 
  15. ««Chartifacts - Tuesday 18th February 2014»». ARIA Charts. Henta 11. desember 2014. 
  16. ««Temples — Chart History: Billboard 200»». Billboard (Prometheus Global Media). Henta 11. desember 2014. 
  17. ««Temples, Sun Structures»». GfK Entertainment. Henta 11. desember 2014. 
  18. ««Temples - Sun Structures»». Ultratop.be. Hung Medien. Henta 11. desember 2014. 
  19. ««Temples - Sun Structures (Album)»». Les Charts. Henta 11. desember 2014. 
  20. ««Temples - Sun Structures (Album)»». Austrian Charts. Henta 11. desember 2014. 
  21. ««GFK Chart-Track Albums: Week 7, 2014»». Irish Recorded Music Association. Henta 11. desember 2014. 
  22. ««Temples - Sun Structures»». Ultratop.be. Hung Medien. Henta 11. desember 2014. 
  23. ««Temples – Chart history: Billboard 200»». Billboard (Prometheus Global Media). Henta 11. desember 2014. 
  24. «Sun Structures: Temples». HMV Japan. Henta 11. desember 2014. 
  25. «ALBUM BIO: Temples – Sun Structures [Heavenly Recordings / [PIAS] Australia] (Out Friday, 7 February 2014)». Mushroom Promotions. Henta 11. desember 2014. 
  26. «Temples – Sun Structures». Tower Records Ireland. Henta 11. desember 2014. 
  27. «HVNLP100 Temples 'Sun Structures'». Heavenly Records. 19 November 2013. Henta 11. desember 2014. 
  28. «Sun structures – Temples» (på fransk). Fnac. Henta 11. desember 2014. 
  29. «Temples – Sun Structures». Fat Possum Records. Henta 15. desember 2014. 
  30. «Sun Structures» (på tysk). Amazon.de. Henta 10. desember 2014. 
  31. «Sun Structures — Temples». Metacritic. CBS Interactive. Henta 8. desember 2014. 
  32. 32,0 32,1 32,2 Gill, Andy (8. februar 2014), «Album reviews: Sun Kil Moon, Tinariwen, Temples, Sunn O))), Katy B, Serge Gainsbourg», The Independent, henta 9. desember 2014 
  33. Dolan, Jon (11. februar 2014), «Sun Structures», Rolling Stone, henta 9. desember 2014 
  34. 34,0 34,1 34,2 34,3 34,4 34,5 34,6 34,7 34,8 Fantano, Anthony (25. februar 2014), «Temples - Sun Structures ALBUM REVIEW», YouTube, henta 9. desember 2014 
  35. 35,0 35,1 35,2 35,3 Jonze, Tim (6. februar 2014), «Temples: Sun Structures – review», The Guardian, henta 9. desember 2014 
  36. 36,0 36,1 36,2 36,3 36,4 Marsh, Graeme (4. februar 2014), «Temples - Sun Structures», musicOMH, henta 9. desember 2014 
  37. 37,0 37,1 37,2 Goodman, Lizzie (12. februar 2014), «Temples - Sun Structures», Clash Music, henta 9. desember 2014 
  38. 38,0 38,1 38,2 38,3 38,4 Stevens, Nathan (14. februar 2014), «Temples: Sun Structures», PopMatters, henta 10. desember 2014 
  39. 39,0 39,1 39,2 39,3 39,4 Bennett, Kate (12. februar 2014), «Temples: Sun Structures», Under the Radar, henta 11. desember 2014 
  40. 40,0 40,1 40,2 Greene, Jayson (12. februar 2014), «Temples: Sun Structures», Pitchford Media, henta 10. desember 2014 
  41. 41,0 41,1 41,2 41,3 Burrows, Marc (10. februar 2014), «Temples: Sun Structures», Drowned in Sound, henta 10. desember 2014 
  42. 42,0 42,1 42,2 42,3 42,4 42,5 Manning, James (5. februar 2014), «Temples – 'Sun Structures' album review», Time Out, henta 10. desember 2014