Sunndal Idrettslag

Sunndal Idrettslag var eit idrettslag heimehøyrande i Sunndal kommune frå 1918 til 1991. Laget var med i idrettsgreinene fotball, friidrett, handball og turn. Idrettslaget vart oppløyst i 1991 og dei enkelte gruppene danna nye lag.

Fotballaget til Sunndal IL spelte kampane sine på Sande stadion på Sunndalsøra. Frå 1972 deltok laget i 3. divisjon Møre. Etter opprykk i 1980 spelte Sunndal IL 1981-82 i 2. divisjon. Sidan var laget i 3. divisjon til det vart nedrykk i 1991 og deretter nyskipa som Sunndal Fotball.

I 1970-åra vann friidrettsutøvaren Asle Olsen fem NM-medaljar i hinder- og langdistanseløp. Også kulestøytaren Ola Øydegard fekk ein NM-medalje.

Kjelder endre