Sunniva

kvinnenamn
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Heilage Sunniva.

Sunniva er eit kvinnenamn avleidd frå angelsaksisk Sunngifu, der sunn tyder 'sol' og gifu 'gåve'. Det har namnedag den 8. juli, som er festdag for den heilage Sunniva.

Heilage Sunniva
Likestillings- og diskrimineringsombodet Sunniva Ørstavik

Namnet kom til Noreg på 1000-talet. Det har avleidde former som Sunefa, Synniva og frå desse Synnøve. På Færøyane og Island er forma Sunneva utbreidd. Namnet er i dag meir brukt i Norden enn i den engelsktalande verda.

I 2011 var det 3 703 norske kvinner som heitte Sunniva. Namnet hadde ein brukstopp rundt 2000, då oppimot 0,7 % av nyfødde jenter blei kalla Sunniva.

Kjende namneberarar endre

Annan bruk endre

Kjelder endre

«Sunniva» i Store norske leksikon, snl.no.