Sunnmørsdialekt

norsk dialekt
(Omdirigert frå Sunnmørsmål)

Sunnmørsdialekt er ei samlenemning for dialektar i futedømet Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke. Sunnmørsdialektane høyrer alle til dei nordlege e-måla av vestnorske målføre.

Dialektane i Nordfjord i Sogn og Fjordane har mange fellestrekk med sunnmørsdialektane, og somme reknar dei som å høyre til same dialektgruppa.

Største skilnaden mellom sunnmørsdialektane er det mellom bymålet i Ålesund og sunnmørsmålet elles. I Ålesund heiter det e, me og de for pronomena eg, meg og deg, medan bygdemåla har ej, mej og dej. Subjektsforma av første person fleirtal er i Ålesund vi, medan det på sunnmørsbygdene òg kan heite oss eller me (for nynorsk standard vi/me).

Andre særskilde former i sunnmørsk bygdedialekt er t.d. presens av verba «ha» (he, jf. eldre nynorsk hev og norrønt hef) og «få» (/fær, jf. eldre nyn. fær og norr. [ek] /[hann] fær). Desse formene er sjeldne i norske (rurale) dialektar generelt, då dei fleste har formene har og får òg i talemålet. Når det gjeld presensforma av verbet «kome» høyrer ein i bygdemålet ofte den lydrett omlydte forma frå overgangen frå urnordisk, kjøme (med tonelag 1), parallelt med den avrunda forma kjeme (tonelag 1). Båe variantar finn ein òg brukt parallelt i norrønt; kǿmr og kemr.

Nynorsk skriftspråk står særs sterkt på Sunnmøre generelt, men bykrinsane i Ålesund har alltid brukt bokmål. Bokmålsbruken har spreidd seg noko i Ålesund kommune med byveksten og utbreiinga av bydialekten. I høve den siste målrøystinga i kommunen, i skolekrinsen til Blindheim skule i 2018, vart bokmål sigrande.[1] Den førre folkerøystinga skjedde i 2006 i Stokke skulekrins, då blei det fleirtal for nynorsk.

Grunntrekka i bydialekten er for øvrig også mest i samsvar med mange av grunntrekka i nynorsk, objektivt sett, mellom anna med gjennomført trekjønnsordning.

Kjelder endre

  1. Flem, Sofie Svanes (22. november 2018), «Nå blir Blindheim bokmålsskole», smp.no, henta 19. juli 2019