Opna hovudmenyen
Ein av bilane til Super Aguri F1

Super Aguri F1 var eit japansk formel 1-lag som var aktivt frå 2006 til 2008. Laget vart grunnlagt av den tidlegare formel 1-køyraren Aguri Suzuki i 2005. Laget søkte om å starte formel 1 året etter, men vart opphavleg nekta oppstart av FIA på grunn av manglande innbetaling av 48 millionar dollar i startavgifter. Etter å ha sendt enda ei søknad om å få delta i 2006 sesongen, fekk Super Aguri-laget den 26. januar 2006 endeleg løyve til å køyre 2006 sesongen. Super Aguri F1 nytta denne sesongen Honda-motor, dekk frå Bridgestones og eit chassis som tidlegare sjef i Minardi, Paul Stoddart igjen hadde kjøpt frå det tidlegare formel 1-laget Arrows.

2006-sesongenEndra

Japanarane Takuma Sato og Yuji Ide var dei opphavleg sjåførane for Super Aguri-laget ved byrjinga av 2006 sesongen, med Franck Montagny som tredje sjåfør. Etter berre 4 løp vart det annonsert at Montagny skulle erstatte Ide som som braut 3 av dei 4 løpa han køyrde i. FIA meinte at Ide trong meir erfaring utanfor Grand Prix, især etter ein kollisjon med Midland-køyraren Christijan Albers under San Marino GP. Montagny vart dermed andre sjåfør, men berre i 7 løp før han òg vart erstatta. Sakon Yamamoto vart den tredje sjåføren i Super Aguri-laget. Han køyrde dei resterande 7 løpa.

2007-sesongenEndra

For 2007-sesongen var Takuma Sato fortsatt førstesjåfør i laget, medan engelskmannen Anthony Davidson kom inn som andresjåfør. Begge sjokkerte i kvalifiseringa til Canadian Grand Prix då dei kom inn på 10. og 11. plass. Tidlegare hadde Sato berre ein 17. plass som beste kvalifisering. På slutten av løpet hadde Sato droppa ned til ein 12. plass, medan Davidson fekk sitt løp øydelagt etter ein kollisjon alt i fyrste runda. Med smerter fullførte han likevel på ein 16. plass.

Lagets første poeng vart skaffa i Spanish Grand Prix då Takuma Sato kom på ein 8. plass. I Canada kom Sato på 6. plass og fekk tre nye poeng. Etter 10 av 18 løp har Super Aguri F1 4 poeng, alle skaffa av Tsakuma Sato.

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Super Aguri F1


Konstruktørar og førarar som konkurrerer i Formel 1 meisterskapen i 2008
  Ferrari   BMW Sauber   Renault   Williams   Red Bull   Toyota   Toro Rosso   Honda   Super Aguri   Force India   McLaren
  Räikkönen
  Massa
  Heidfeld
  Kubica
  Alonso
  Piquet
  Rosberg
  Nakajima
  Coulthard
10   Webber
11   Trulli
12   Glock
14   Bourdais
15   Vettel
16   Button
17   Barrichello
18   Sato
19   Davidson
20   Sutil
21   Fisichella
22   Hamilton
23   Kovalainen