Super Mario Bros.: The Lost Levels
Super Mario Bros.: The Lost Levels (スーパーマリオブラザーズ2 Super Mario Bros. 2) er eit plattformspel utvikla og publisert av Nintendo for Famicom Disk System. Det vart først gjeve ut i Japan den 3. juni 1986, og er oppfølgjaren til Super Mario Bros.. Originalversonen av spelet vart ikkje gjeve ut i Europa, men ei omlaging vart gjeven ut i samlepakken Super Mario All-Stars for Super Nintendo Entertainment System i 1993. The Lost Levels er også tilgjengeleg som digital nedlasting på Virtual Console for Wii.
Super Mario Bros.: The Lost Levels (Super Mario Bros. 2 i Japan) | |||
| |||
Utviklar(ar) | Nintendo EAD | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Nintendo | ||
Distributør | Nintendo eShop | ||
Kreativt ansvarleg(e) | Shigeru Miyamoto | ||
Design(ar) | Takashi Tezuka (designar) Kōji Kondō (komponist) | ||
Komponist(ar) | Koji Kondo | ||
Serie | Mario | ||
Plattform(er) | Famicom Disk System Game Boy Advance Virtual Console | ||
Utgjeving | JP: September 1985 NA: 1986 EU: Mai 1987 | ||
Sjanger | Plattform | ||
Spelemodus | Einspelar, fleirspelar | ||
Nettstad | https://www.nintendo.co.jp/software/smb2/index.html | ||
Del av serien Super Mario⠀ | |||
←Super Mario Bros.⠀ · Super Mario Bros. 2→ |
Oppsett
endreI Super Mario Bros.: The Lost Levels styrer spelaren Mario eller Luigi etter eit val på tittelskjermen. Spelet har ingen modus for fleirspel. Mario og Luigi har ulike eigenskapar i spelet; Mario har best fotfeste medan Luigi hoppar høgast.
Spelet har mange fellestrekk med Super Mario Bros.. Målet er framleis å kome seg gjennom åtte verder med fire nivå kvar for å berge prinsessa. Nivåa skal vere meir utfordrande enn i føregangaren.[1]
Det er ingen nye fiendar i spelet, men nokre av dei ter seg annleis enn før; landfiendar kan no bli funne i nivå under vatn, medan vassfiendar kan bli fune flygande i bakkenivå.
Referansar
endre- ↑ «Super Mario Bros. 2: The Lost Levels - produktinformasjon». Henta 25. oktober 2009.
Bakgrunnsstoff
endre- Super Mario Bros.: The Lost Levels Arkivert 2010-07-07 ved Wayback Machine. hjå Nintendo.no