Surfemusikk
Surfemusikk eller berre surf er ein sjanger innan popmusikk som er knytt til surfekulturen, særleg Orange County og andre område sør i California.
Surfemusikk | |||
| |||
Stilmessig opphav | Rock 'n' roll, blues, country, europeisk, arabisk, meksikansk | ||
---|---|---|---|
Kulturelt opphav | Midten av 1950-åra i USA | ||
Typiske instrument | Gitar, bass, trommer, tangentinstrument | ||
Avleidde former | Surfrock - Surfpop - String - Wong shadow |
Sjangeren er delt inn i to store undersjangrar:
- Surfpop, som inkluderer både surfeballadar og dansemusikk med vokal. Dette vert stundom kalla «strandmusikk», eller «beach music» og var òg populær utanfor surfemiljøet. The Beach Boys var ein av dei store artistane innan denne sjangerne.
- Surfrock, som generelt er instrumental med elektrisk gitar eller saksfon som spelar hovudmelodien. Kjende artistar innan denne sjangeren var The Trashmen, The Chantays og The Surfaris. Denne meir rock-aktige delen av surfemusikken inspirerte den tidlege garagerocken.
Mange kjende surfeband har laga songar innanfor begge sjangrar, både instrumentalar og meir poporienterte surfesongar, så surfemusikk vert generelt rekna som ein enkelt sjanger, trass i store musikalske variasjonar.
Ein av grunnleggjarane for surfemusikken var Dick Dale som med sine songar inspirerte dei fleste andre surfebanda innan sjangeren. Han var òg revolusjonerande ved at han blanda inn verdsmusikk i songane sine, og var den første som blanda spanske, arabiske og japanske stilar inn i instrumentale surfesongar.
Artistar innan sjangeren
endreKjende songar
endre- «Baja» - The Astronauts
- «Bombora» - The Atlantics
- «Bullwinkle Part II» - The Centurions
- «Bustin Surfboards» - The Tornadoes
- «Goofy Foot» - The Lively Ones
- «I Get Around» - The Beach Boys
- «K-39» - The Challengers
- «Let's Go Trippin» - Dick Dale and the Del-Tones
- «Miserlou» - Dick Dale and the Del-Tones
- «Penetration» - The Pyramids
- «Pipeline» - The Chantays
- «Point Panic» - The Surfaris
- «Ride the Wild Surf» - Jan and Dean
- «Surf Beat» - Dick Dale and the Del-Tones
- «Surf City» - Jan and Dean
- «Surf Rider» - The Lively Ones
- «Surfer Girl» - The Beach Boys
- «Surfin' Bird» - The Trashmen
- «Surfin' Safari - The Beach Boys
- «Surfin' USA» - The Beach Boys
- «Tube City» - The Trashmen
- «Underwater» - The Frogmen
- «Wipe Out» - The Surfaris
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Surf music» frå Wikipedia på engelsk, og «Surfemusikk» frå Wikipedia på svensk den 1. april 2009.