Surnadal kommune

kommune i Møre og Romsdal fylke i Noreg
(Omdirigert frå Surnadal)

Surnadal er ein kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar til Heim kommune i nord, Rindal i aust og Sunndal i sør. Over fjorden ligg Tingvoll kommune.

Surnadal kommune
kommune
Utsyn over Surnadalsfjorden
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Skei
Areal 1 366,05 km²
 - land 1 322,26 km²
 - vatn 43,79 km²
Folketal 5 953  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Hugo Pedersen (Sp) (2023)
Kommunenr. 1566
Kart
Surnadal kommune
62°56′51″N 8°46′12″E / 62.9475°N 8.77°E / 62.9475; 8.77
Wikimedia Commons: Surnadal
Nettstad: www.surnadal.kommune.no

Surnadal kommune ligg ved foten av Trollheimen. Han er sett saman av fleire dalar, med Surnadalen som den viktigaste. Dei mindre dalane er Bæverfjord, Bæverdalen, Bøfjorden, Østbødalen, Søyådalen, Todalen, Kvanne og Stangvik.

Frå Surnadal strekkjer det seg fleire seter- og fjelldalar langt inn i sentrum av Trollheimen. Det høgaste fjellet her er Snota, 1668 moh. Elva Surna renn gjennom Surnadal frå Rindal og vestover. Her blir elva forma i det største deltaområdet i Nord-Europa før ho renn ut i Surnadalsfjorden[treng kjelde]. Surna er rik på laks og er eit trekkplaster for bygda.

Det milde klimaet og jordsmonet gjer Surnadal til ein god jordbrukskommune. Økonomien er bygd på jordbruk, skogsdrift, industri og meir. Administrasjonssentrumet heiter Skei. Surnadal har ferjesamband med Sunndal over KvanneRykkjem, og riksveg 65 går til Trondheim.

Surnadal er heimbygda til den nasjonalkjende diktaren Hans Hyldbakk, som har vore med på å gje bygda sterke kulturtradisjonar.

Folketalsutvikling endre

Folketalsutvikling for noverande Surnadal kommune frå 1920:

1.12.1920[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3][4][5] 1.1.1961[3]
5887a 6135a 6703a 6760a 6554a
1.1.1971[3] 1.1.1981[3] 1.1.1991[3] 1.1.2001[3] 1.1.2010[3]
5979 6259 6391 6248 5956
a Talet omfattar krinsen Ålvundfjord og grendene Åsprong og Sandnes, som var del av gamle Stangvik kommune fram til kommunesamanslåinga i 1965. Ålvundfjord vart då overført til Sunndal kommune og Åsprong og Sandnes til Tingvoll kommune. Desse områda hadde då 534 innbyggjarar til saman.

Kjende personar frå Surnadal endre

Bilete endre

Kjelder endre

  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Folkemengd i Surnadal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  4. Folkemengd i Stangvik 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  5. Folkemengd i Åsskard 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff endre