Susan Dunklee
Susan Dunklee (fødd 13. februar 1986) er ein USA-amerikansk skiskyttar frå Vermont. Ho vann sølvmedaljen i fellesstarten under VM i skiskyting 2017 og eitt nytt VM-sølv i 2020, då i sprint-tevlinga.
Susan Dunklee | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 13. februar 1986 (38 år) Newport |
Idrett | skiskyting |
Tok del i | VM i skiskyting 2019, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Sprint kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Jaktstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Sprint kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Jaktstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Normaldistanse kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Normaldistanse kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Fellesstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Normaldistanse kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Sprint kvinner |
Aktiv
endreDunklee deltok internasjonalt frå 2011. Ved VM i skiskyting 2012 overraska ho med ein femteplass på 15 km. Fem år seinare skaut ho feilfritt på fellesstarten under verdsmeisterskapen 2017 i Hochfilzen og vann sølvmedaljen, slått med 4,6 sekund av tyske Laura Dahlmeier. I VM i skiskyting 2020 i Antholz skaut Dunklee atter feilfritt på sprintdistansen og tok eitt ny VM-sølv, norske Marte Olsbu Røiseland vann med 6,6 sekund betre tid.
I sin beste sesong, 2017-sesongen, enda Dunklee på 10. plass i verdscupen i skiskyting.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Susan Dunklee» frå Wikipedia på tysk, den 25. februar 2022.
Bakgrunnsstoff
endre- «Susan Dunklee». olympedia.org. Henta 22. oktober 2022.