Sussudio
av Phil Collins
frå albumet No Jacket Required
B-side
Språk engelsk
Utgjeve 14. januar 1985
Sjanger Funk[1]
Lengd
  • 4:23 (album)
  • 6:36 (forlenga versjon)
Selskap Virgin[2]
Komponist Phil Collins
Tekstforfattar Phil Collins
Låtskrivar(ar) Phil Collins
Produsent
Phil Collins-kronologi 
«One More Night»
(1984)
Sussudio «Don't Lose My Number»
(1985)


«Sussudio» er ein song av Phil Collins, gjeve ut som singel i februar 1985. Songen var òg opningssongen på det tredje albumet hans, No Jacket Required, det kom ut i januar same året. Songen vart mykje spelt på MTV i mai og 6. juli nådde både singelen og albumet toppen av salslistene i USA,[3] Musikkvideoen vart filma i ein pub eigd av Richard Branson der Collins spelar songen til ein gjeng som først keiar seg, men så etter kvart byrja å danse.

Det meste av teksten vart improvisert fram av Collins til rytmen av ein trommemaskin han hadde programmert. «Suss-sussudio» var ord som høvde bra med rytmen. Etter å ha prøvd å finne alternative ord som passa med rytmen, valde Collins å halde på «Sussudio» som òg vart namnet på songen.[4]

Programmeringa av synthesizeren, rytmen og synthbassen vart gjort av David Frank frå The System og blåsearrangementet vart seinare basert på basslinja.

Songen vart kraftig kritisert for at han høyrdest for mykje ut som Prince-songen «1999», noko Collins nekta for.[5]

«Sussudio» var den første singelen frå albumet som vart gjeve ut i Storbritannia, og den andre som vart gjeve ut i USA. I Storbritannia nådde songen 12. plass, medan han i USA gjekk heilt til topps på salslista.[3][6] Ein remix av songen finst på 12"ers.

Innhald

endre

7": Virgin / VS736 (UK)

endre
  1. "Sussudio"
  2. "The Man with the Horn"

7": Atlantic / 7-89560 (US)

endre
  1. "Sussudio"
  2. "I Like the Way"

12": Virgin / VS736-12 (UK)

endre
  1. "Sussudio» (Extended Remix)
  2. "Sussudio"
  3. "The Man with the Horn"

CD: WEA International / WPCR 2065 (Japan)

endre
  1. "Sussudio"
  2. "Sussudio» (Extended Mix)

Salslister

endre
Liste (1985) Plassering
Finland (Suomen virallinen lista)[7] 13
Tyskland (Media Control Charts) 17
Nederland 12
Polen[8] 23
Storbritannia (The Official Charts Company)[9] 12
USA Billboard Hot 100[6] 1
USA Billboard Hot Dance Club Play[6] 4
USA Billboard Hot R&B/Hip-Hop Songs[6] 7
USA Billboard Mainstream Rock Tracks[6] 10
USA Billboard Hot Adult Contemporary Tracks[6] 30

Medverkande

endre

Kjelder

endre
  1. Petridis, Alexis (9. november 2001). «They are not worthy». The Guardian (London). Henta 21. mars 2020. 
  2. "Sussudio" på Discogs (liste over utgjevingar)
  3. 3,0 3,1 Dean, Maury (2003). Rock N' Roll Gold Rush. Algora. s. 160. ISBN 0-87586-207-1. 
  4. «VH-1 Storytellers: Phil Collins». VH-1 Storytellers. 14. april 1997. 
  5. Bronson, Fred (1998). The Billboard Book of Number One Hits. New York: Billboard Books. s. 624. ISBN 0-8230-7641-5. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 «Billboard.com - Artist Chart History - Phil Collins». billboard.com. Arkivert frå originalen 8. mars 2007. Henta 20. september 2008. 
  7. Nyman, Jake (2005). Suomi soi 4: Suuri suomalainen listakirja (på finsk) (1. utg.). Helsinki: Tammi. ISBN 951-31-2503-3. 
  8. «Polish Singles Chart |». Arkivert frå originalen 19. oktober 2013. Henta 7. februar 2013. 
  9. «Everyhit». everyhit.com. Henta 10 April 2009. 

Bakgrunnsstoff

endre