Suzy Creamcheese[1] var kallenamnet til Suzy Zeiger som i 1960-åra var medlem av Frank Zappa and the Mothers of Invention. Etter at den verkelege Suzy forlet gruppa, steppa andre kvinner inn på konsertane til the Mothers, med det same kallenamnet. Etter kvart vart det trudd at ho alltid hadde vore ein fiktiv karakter. På albumet Freak Out! (som inneheld eit «brev» får Suzy Creamcheese på baksida av plateomslaget), vart Suzy Creamcheese spelt av Jeannie Vassoir; på Absolutely Free og Mothermania var det Lisa Cohen; og på We're Only in It for the Money og Uncle Meat var det Pamela Zarubica.

Den verkelege Suzy fortsette å bruke kallenamnet Suzy Creamcheese. Ho flytta til London, der ho ei stund var kjæraste med John Hopkins, ein leiande person i den britiske hippie-kulturen.

Sporet «Requiem For Suzy Creamcheese» finst på LP-plata Psychedelia—A Musical Light Show av Mesmerizing Eye. Bandet Teddy & His Patches spelte inn ein song kalla «Suzy Creamcheese», som inneheld ei nyinnspeling av dialogen i starten på «The Return of the Son of Monster Magnet» frå Freak Out!.

Fotnotar endre

  1. I California var cheese hippieslang for «kvinne» og creamcheese tydde ei «sexy kvinne».

Kjelder endre