Tømmersvans

(Omdirigert frå Svans)

Tømmersvans eller berre svans er ei sag nytta for å fella og kappa tømmer. Dei fyrste svansane var avkappa stokksager, men rundt 1860 kom det fabrikklaga svansane på marknaden[1]. Desse var valsa, og hadde tynnare sagblad enn dei heimelaga svansane, og bladet smalna av mot enden. For at bladet skulle gli lettare i sporet var det vanleg, spesielt i sevjetida, å smørja det med til dømes parafin.

To svansar utsilte på Norsk skogmuseum. Den ovste har rivtenner og den nedste har skrapetenner.

Akkurat som stokksager kunne tømmersvansane ha fleire ulike typar tenner, men på grunn av at rivttenner var enklare å fila fekk desse stor utbreinad[2].

Tømmersvansen vart nytta for felling og kapping heilt til motorsagene tok over på 1950-talet.

Galleri endre

Referansar endre

  1. Thorseth, L., Årringer - Skogbygda Trysil, 2014.
  2. Samset, I., Fra muskler til maskiner i skogen, Norsk skogmuseum, 2008.