Svartsnær

Svartsnær er ei lokal nemning på eit særskild vind-og straumfenomen som oppstår i Mjøsa. Nemninga «svartsnær» heng saman med ordet snære som tyder vindgust eller vindflage. Verbet snære tyder 'blåse kaldt'. Skylaget blir mørkt, og vatnet svart. Svartsnær oppstår altså ved ein særleg kombinasjon av vind og straumtilhøve som kan føre til uventa og bråe kvervlar eller malstraumar midt ute på vatnet, og desse har vore rekna som livsfarlege. Før fiskebåtar, ferjer og andre fartøy fekk moderne utstyr, var det mange som bleiv i Mjøsa når dei kom ut for svartsnær. Nemninga er kjend blant eldre folk, t.d. i Ringsaker, den dag i dag (2009).

Ingeborg Refling Hagen nytta nemninga som tittel på ei novelle frå 1921, og på novellesamlinga av same namn.