Svartsvane

art av andefuglar
Svartsvane
Svartsvane Foto: Wikipedia-brukar: Fir0002
Svartsvane
Foto: Wikipedia-brukar: Fir0002
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av svartsvane
Utbreiinga av svartsvane
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Andefuglar Anseriformes
Overfamilie: Anatoidea
Familie: Andefamilien Anatidae
Underfamilie: Anserinae
Slekt: Cygnus
Art: Svartsvane C. atratus
Vitskapleg namn
Cygnus atratus

Svartsvane (Cygnus atratus) er ei svane og ein stor vassfugl i andefamilien. Arten hekkar hovudsakleg i søraustre og sørvestre regionar i Australia. Svartsvana vart jakta til utrydding på New Zealand, men vart seinare gjeninnført. Innanfor Australia er ho nomadisk, med uføreseielege vandringsmønster avhengige av klimatiske tilhøve. Svartsvaner er store fuglar med for det meste svart fjørdrakt og eit raudt nebb. Dei er monogame hekkefuglar der kjønna deler på rugeplikter og omsut for avkommet.

Svartsvaner kan opptre einskildvise, eller i lause grupper på hundrevis eller kanskje tusenvis av fuglar.[1] Svartsvaner er populære fuglar i zoologiske hagar og fuglesamlingar, og nokre gonger finn ein rømlingar utanfor det naturlege utbreiingsområdet deira.

Skildring endre

 
I flukt viser svartsvana dei kvite vengefjørene.
Foto: JJ Harrison

Fjørdrakta til svartsvaner er hovudsakleg svart, med kvite vengefjører. Nebba er lyst raude, med eit bleikt band og nebbtupp. Bein og føter er gråsvarte. Hannar er litt større enn hoer, og har eit lengre og rettare nebb. Juvenile fuglar er gråbrune med bleike fjørkantar.[1]

Ei mogen svartsvane måler i gjennomsnitt 120 centimeter i kroppslengd og veg i gjennomsitt 5 kg og 6 kg for hoer og hannar høvesvis.[2] Halsen er lang, relativt den lengste halsen blant svanene, og bøygd i ei S-form.

Svartsvane læter ein musikalsk og vidtrekkande hornliknande lyd, som dei ropar anten på vatnet eller i lufta, og dessutan har dei ei rekkje mjukare, nynnande tonar. Det har òg plystrelydar, spesielt når dei blir forstyrra under hekking.[1][3]

Når dei sym, held svartsvaner halsen bøygd eller oppreist, og dei brusar ofte fjørene sine, eller løfter vengene i eit aggressiv uttrykk. I flukt, vil dei danne formasjonar som ei linje eller ei V-form. Fuglane flyg med bølgjande utstrekt hals, og gjer plystreliknande lydar med vengeslaga, og horn- eller trompetaktige rop.[1]

Svartsvaner er ulike alle andre australske fuglar, men i dårleg lys og på lang avstand kan dei forvekslast med skjorgjæser i flukt. Likevel kan svartsvaner identifiserast av den mykje lengre halsen sin og treigare vengeslag.[4]

Utbreiing og habitat endre

Svartsvana er vanleg i våtmarkene i sørvestlege og austlege Australia og på tilstøytande kystnære øyar. Dei er uvanlege i sentrale og nordlege Australia.

Dei føretrekte habitata for svartsvaner femnar om innsjøar med ferskvatn, brakkvatn og saltvassinnsjøar, sumpar og elvar med vatn og veksande vegetasjon for føde og reirmateriale. Permanente våtmarker er føretrekte, inkludert parkinnsjøar, men svartsvaner kan òg beite på oversumde enger og tidvassmudderbankar, og nokre gonger på det opne havet nær øyar eller kysten.[1]

Svartsvaner vart tidlegare trudd å vere standfuglar, men arten er no kjent for å vere svært nomadisk. Det er ikkje oppdaga faste trekkmønster, men heller opportunistiske reaksjonar på anten regn eller tørke. I år med stor nedbørsmengd skjer utvandringa frå sørvest og søraust mot innlandet, og omvendt i tørrare år. Når det kjem regn i dei tørre sentrale regionane, vil svartsvaner migrere til desse områda for å hekke. Men om dei tørre tilhøva kjem att før ruging er avslutta eller ungane er vekst opp, vil dei vaksne fuglane forlate reir, egg og eventuelle ungar og returnere tilbake til våtare område.[5]

Som mange andre vassfuglar, mister svartsvaner alle vengefjørene samstundes når dei myter etter hekketida, og dei er ikkje i stand til å flyge i ca. ein månad. I løpet av denne tida vil dei vanlegvis halde seg ute på store, opne vassflater av omsyn til tryggleiken.[5]

Arten har ei vid utbreiing, med rundt 5 millionar km² som utbreiingsområde. Den noverande globale populasjonen er anslått til å ligge på mellom 0,1 og 1 millionar individ. Populasjonen er rekna som stabil.[6]

Introduserte populasjonar endre

 
Svartsvaner på Lake ForsythNew Zealand.
 
Svartsvane-egg.

Før maoriar kom til New Zealand fanst det ein underart av svartsvane der, men bestanden vart tilsynelatande jakta til utrydding. I 1864 vart den australske svartsvana sett ut på New Zealand som ein prydfugl, og arten er no vanleg på større innsjøar, spesielt Lake Rotorua, Lake Wairarapa og Lake Ellesmere/Te Waihora, og dessutan på Chathamøyane.[3] Svartsvaner har òg floge naturleg frå Australia til New Zealand, som gjer at arten kan reknast som innfødd i staden for introdusert, sjølv om dagens populasjon i landet ser ut til i stor grad å stamme frå medvitne introduksjonar.[7]

Svartsvaner er òg svært populære som prydfuglar i Vest-Europa, spesielt i Storbritannia, og rømming blir ofte rapportert. Rømlingar kjem òg til Noreg, og somme parkar i landet har svartsvaner for pryd.[8]

Åtferd endre

Kosthald og beiting endre

Svartsvaner er nesten utelukkande planteetarar. Jamvel om det er nokre regionale og sesongvariasjonar, er føda generelt dominert av akvatiske plantar og myrplantar. I New South Wales er blad av vassplantar i slekta Typha i dunkjevlefamilien den viktigaste maten for fuglar i våtmarker, etterfølgt av undervassalgar og vassplanter som Vallisneria. I Queensland er føda dominert av vassplantar som Potamogeton, kransalgar og andre algar. Den eksakte samansettinga varierer med vasstanden. I flaumsituasjonar der vanleg føde er utanfor rekkjevidd, må svartsvaner beite på planter på land.[9] Svartsvaner beitar på ein liknande måte som andre svaner. Ved beiting på grunt vatn vil dei duppe hovudet og halsen under vatn, og er i stand til å halde hovudet flatt mot botnen samstundes som kroppen ligg horisontalt. På djupare vatn må fuglen dukke framkroppen under vatn for å nå lågare. Svartsvaner er òg i stand til å filtrere maten på vassoverflata.[10]

Hekking og reproduksjon endre

 
Svanefamilie.

Som andre svaner, er svartsvaner i hovudsak monogame, dei held vedlike parband for livet. Generelt hekkar svartsvaner i dei våtare vintermånadene frå februar til september, nokre gonger i store koloniar. Eit svartsvanereir er eigentleg ein stor haug eller jordhaug av siv, gras og ugras på mellom 1 og 1,5 meter i diameter og opp til ein meter i høgd, på grunt vatn eller på øyar.[1][5] Reira blir gjenbrukte, restaurert eller ombygd etter behov. Begge foreldra tar seg av reiret. Eit typisk kull inneheld 4-8 grønkvite egg som blir ruga i mellom 32 og 43 dagar, typisk 36 dagar.[2] Ruginga byrjar etter at det siste egget er lagt for å synkronisere klekkinga. Begge kjønn rugar egga på skift på 3-4 timar, hofuglen generelt om natta.[2] Byting av rugevakta er prega av ritual av oppvisingar frå begge kjønn.[11] Viss eit egg rullar ut av reiret ved uhell, kan begge kjønn hente opp egget med halsen. Hos andre svaneartar er det berre hoa som utfører denne prestasjonen.[12] Som alle svaner, vil svartsvaner aggressivt forsvare reira sine med vengeslag og nebb.[13] Etter klekkinga vil ungane komme ut på vatnet innan eit døgn og dei er flygdyktige etter mellom 90 og 140 døgn. Begge foreldra tar del i omsut for ungane i ca. 9 månader.[1][3] Små ungar kan sitje på ryggen til foreldra under lengre turar ut til djupare vatn, men svartsvaner gjer dette sjeldnare enn knoppsvaner og svarthalssvaner.[14]

Kjelder endre

  • Scott, Peter (1972), The Swans, London: Michael Joseph, ISBN 7181-0707-1 Check |isbn= value: length (hjelp) 
Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Pizzey, G. (1984). A Field Guide to the Birds of Australia. Sydney: Collins. s. 66. ISBN 0-00-219201-2. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, (2005) ISBN 978-0-14-302040-0
  3. 3,0 3,1 3,2 Falla, R.A., Sibson, R.B., & Turbott, E.G. (1981). The New Guide to the Birds of New Zealand and Outlying Islands. Auckland: Collins. s. 80. ISBN 0-00-217563-0. 
  4. Waterfowl in New South Wales, op. cit.: 25, 37-39
  5. 5,0 5,1 5,2 Scott, Peter, red. (1982), The World Atlas of Birds, Balmain: Colporteur Press, s. 200–1 
  6. BirdLife International 2013
  7. Narena Olliver (28. oktober 2010). «Black Swan (New Zealand birds)». Nzbirds.com. Henta 11.februar 2013. 
  8. Artsdatabanken - Fremmede arter i Norge Risikovurdering av svartsvane som framand art i Noreg Henta 11. februar 2013
  9. Scott 1972, s. 75.
  10. Scott 1972, s. 59–60.
  11. Scott 1972, s. 99.
  12. Scott 1972, s. 103.
  13. Scott 1972, s. 101.
  14. Scott 1972, s. 109.

Bakgrunnsstoff endre