Svear

(Omdirigert frå Svearane)

Sveane (norrønt svíar) var eit nordgermansk folk som høyrde til i dagens midt-Sverige og særleg hovudstadsområdet. Dei har historisk vore overlegne over naboane sine i sør, gøtane. Som oftast var splittet mellom aust og vest politisk og kanskje kulturelt. Likevel tok det fleire hundreår før dei to (eller tre) rika kunne sameinast til eitt. Dette var under kong Karl Sverkersson i 1161, som òg var den første svenske kongen til å bruke tittelen Rex sveorum et gothorum, 'konge av svearane og gøtarane'. Denne kongelege praksisen fortsette heilt til 1973 då han blei avskaffa, sidan gøtane og svearane for lengst hadde sameint seg til eitt svensk folk.

Sverige på 1100-talet med utbreiinga av ulike folkegrupper. ██ Svear ██ Gøtar ██ Gutar