Svein Sæter (fødd 18. september 1960 på Sunndalsøra) er ein norsk forfattar, kåsør, dramatikar, omsetjar og journalist, son av Einar Sæter.

Svein Sæter

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1960 (64 år)
Sunndalsøra
Yrke skribent, journalist, skodespelforfattar
Svein Sæter på Commons

Svein Sæter har skrive meir enn 20 sakprosabøker med stor spennvidde, men ofte med historiske tema. Han skriv også musikkteater, i samarbeid med komponistar som Jo Inge Nes, Per Husby og Frode Alnæs. Sæter er ein mykje bruka kåsør, og har besøkt fleire hundre skular for Den kulturelle skolesekken, pluss mange bibliotek, kulturfestivalar med meir. Han intervjuar ofte andre forfattarar på scena, mellom anna for Bjørnsonfestivalen. Sæter var sentral i å byggje opp kulturfestivalen Vårsøghelga i heimkommunen Surnadal, og var styreleiar der i mange år.

Svein Sæter har vore journalist og redaktør i avisa Driva og journalist i Dag og Tid. Sia 1997 er han forfattar og frilansar på heiltid, og driv Blomsterhaug forlag saman med kona Anita Land. Sæter har også redigert mange bøker og antologiar for andre forlag, både sakprosa og skjønnlitteratur. Han har omsett ei rekkje bøker frå svensk.

Bibliografi (utdrag) endre

  • Bondelandet (med Aina Edelmann). Samlaget, 1994
  • XU. I hemmeleg teneste 1940-45 (med Einar Sæter). Samlaget, 1995. Ny utgåve 2007
  • Kamp og kroner. Felleskjøpet Østlandet 1896 – 1996
  • Lang dags ferd mot napp. Fagbokforlaget/Oktopax, 1997
  • Hans Hyldbakk. Samtale med ein 100-åring (med Einar Sæter). Samlaget, 1998
  • Ekstreme eventyr. Gyldendal, 2000
  • Seterliv (med Karoline Daugstad). Samlaget, 2001
  • På rett kjøl. Vaagland båtbyggeri 75 år, 2002
  • A-laget. Norges 25 største fotballspillere gjennom tidene (med Johan Øiestad). Damm, 2005
  • I god jord. Norsk senter for økologisk jordbruk 1986 - 2006
  • Spion i Hitlers rike. Damm, 2006
  • Operatøren. Knut Hauglands egen beretning. Cappelen Damm, 2008
  • Draumen om Abebe Bikila. Reisebrev frå Etiopia. Samlaget, 2009
  • Napp i øst og vest (med Trond Andersson). Blomsterhaug, 2010
  • Kongen av Spitsbergen. Einar Sverdrups kamp for gruvene og mot Nazi-Tyskland. Samlaget, 2016

Musikkteater:

Prisar endre

  • Målprisen frå Nordmøre Mållag, 2006.
  • Kleivaprisen, Surnadal kommunes kulturpris, 2009.
  • Kuliprisen frå Nordmøre Historielag, 2012.

Kjelder endre

  • Presentasjon av Svein Sæter i Forfatterkatalogen på Norsk Forfattersentrums nettsider, og på sidene til Samlaget og Gyldendal.