Svele eller lapp er ei lita, og etter måten tjukk pannekake av mjøl, egg og surmjølk, karakterisert av at natron og hjortetakksalt vert nytta som hevemiddel, slik det skal kjennast på smaken av rettlege sveler.

Svele

Sveler er populære som snøggmat og kaffimat. Dei vart selde til ferdafolket om bord i mange ferjer — særleg i Møre og Romsdal, der sveler høyrde med til ferjereiser, og det gjekk gjetord om på kva ferjerute eller ferje det vart baka dei beste svelene.[treng kjelde] Svelene vart vanlegvis steikte på takke, men ein kan også bruka steikepanne.[1] Til serevering blir dei typisk smurde med smør og anten sukker, brunost eller syltetøy og bretta langs midten.

I 1971 byrja MRF å servera sveler om bord i ferjene som knytte saman samfunna i Møre og Romsdal. Seinare har denne skikken breidd seg utover resten av Vestlandet, der sveler er sterkt assosierte med ferjereiser.[2] Sal av sveler er også vanleg på ferjesamband i Nord-Noreg,[3] og ferjer i andre delar av landet, som dei til selskapet Bastø Fosen mellom Moss og Horten.[4]

Galleri endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Sveleoppskrift på melk.no, arkivert frå originalen 27. mars 2011, henta 13. august 2020 
  2. Fergesveler Arkivert 2012-03-14 ved Wayback Machine. Byavisen
  3. «En malerisk rundtur i Nordland» Arkivert 2016-01-05 ved Wayback Machine., vakrenordnorge.no
  4. «Servering ombord» Arkivert 2016-02-01 ved Wayback Machine., fra nettstedet basto-fosen.no

Bakgrunnsstoff endre