Sven Svensen frå Kristiansand

Sven Hans Jørgen Svensen (30. august 185615. oktober 1942) var ein norsk skulemann og politikar frå Kristiansand, stortingsmann 1922-24 frå byane i Vest-Agder og Rogaland.

Far til Sven Svensen var skipper og riggmeister. Sjølv gjekk han skulevegn og tok eksamen ved Holt seminar i 1875 og Maribogatens skole i Kristiania i 1878. Året etter vart ha cand.philos. frå universitetet. Svensen var lærar 1876-77 ved folkeskulen i Kristiansand, deretter Herefoss og så Fevik. Han var så skulebestyrar 1880-82 i Birkenes. Frå 1882 til 1910 underviste han på mellomskulen i Tvedestrand. Til sist skuleinspektør i heimbyen Kristiansand frå 1910 til 1925.

I Tvedestrand var Svensen engasjert i styringa av kjøpstaden, i mange år medlem i skulestyret, eit organ han var formann for 1897-99 og 1906-07. Han var formannskapsmedlem frå 1900 og vart vald til ordførar i 1909, eit ombod han forlet då han flytta til Kristiansand sommaren 1910. I fødebyen var han sidan medlem og sekretær i byen sin jarnbanekomite, tidlegare hadde han vore med i Sørlandsbanens felleskomite medan han budde i Tvedestrand.

Ved stortingsvalet hausten 1921 vann Svensen det femte mandatet til dei fem kjøpstadene Kristiansand, Mandal, Flekkefjord, Stavanger og Haugesund, der han sokna til partiet Venstre. Tingbolken 1922-24 hadde han sete i Protokollkomiteen. Svensen mista den faste stortingstaburetten ved 1924-valet, han enda opp som 1. varamann frå valkrinsen. I den eigenskapen møtte han som varamann i to åtskilde periodar i 1926-sesjonen, fyrst frå 22. januar til 7. mars i staden for Kastrud, sidan erstatta han Lars Meling frå 28. juni og ut sesjonen.

Svensen må ikkje forvekslast ein annan skulemann og politikar, den samnenmde Sven Svensen frå Brunlanes.

KjelderEndra