Sven T. Falck

norsk ingeniør og politikar

Sven Trygve Falck (9. mars 194327. august 2019) var ein norsk ingeniør, politikar og næringsdrivar frå Tønsberg. Han representerte Telemark og partiet HøgreStortinget 1981–85.

Falck var son til ein bokhandlar. Sjølv utdanna han seg til sivilingeniør ved kjemiavdelinga ved Norges tekniske høgskole. Etter eksamen i 1967 arbeidde han dei neste fire åra som driftsingeniør og prosjektingeniør for Dow Chemical Company, fyrst i USA i delstaten Texas og så i Vest-Tyskland. I 1971 fekk han jobb i Norsk Hydro, der han driftsingeniør på Rafnes og sidan overingeniør på Herøya.

Falck var bystyremedlem 1977-79 i Porsgrunn, medlem 1980-83 av Telemark fylkesting og fylkesutval, dessutan nestleiar i fylkesskulestyret. Stortingsperioden 1981–85 var han Høgre sin representant frå Telemark i nasjonalforsamlinga, med plass i Energi- og industrikomitéen.

Falck så frå seg nominasjon til stortingsvalet 1985. I staden brødfødde han seg som ingeniør, åra 1990-94 var han også direktør i Grenland industriutvikling. Frå 1994 til 2001 var han tilsett i Hydro Agri. Etter den tid dreiv han eige ingeniørfirma til han fekk pensjon.

Kjelder endre