Sverre Hilmar Hansen (12. november 189925. februar 1991) var ein norsk friidrettsutøvar frå Oslo, son til ein lagermann. Hansen, som var medlem av Idrettsforeningen Torodd, vann bronsemedaljen i lengdehopp under Sommar-OL 1924.

Sverre Hansen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. november 1899
Christiania
Død

25. februar 1991 (91 år)
Oslo

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1924

Hansen fekk sitt gjennombrot då han vart norsk meister i lengdehopp i 1921 med 7,10 m, ein centimeter bakom noregsrekorden. Han forsvarte NM-tittelen i lengdehopp dei neste tre åra og byrja i 1922 på ei ny sigersrekke i høgdehopp, også i den øvinga vann han fire rake NM-gull 1922–25. Både i 1922 og 1923 vann han høgdetevlinga i triangellandskampar mellom Danmark, Noreg og Sverige.

Under Sommar-OL 1924 i Paris hoppa Hansen opp mot sitt alle beste og tok bronsemedaljen i lengdehopp etter å ha landa på 7,26 meter. Einast to mann frå USA hoppa lengre; DeBart Hubbard fekk gull med 7,45 m og Edward Gourdin sølv med 7,28 m. Finske Vilho Tuulos vart fjerdemann med 7,07 m.

Hansen sette personleg rekord i lengdehopp med 7,28 m i 1924, året etter forbetra han sitt personbeste høgdehopp til 1,86 m. Han slutta å tevle etter 1925-sesongen.

Medaljar i norske meisterskap endre

  • 1921: Gullmedalje i lengdehopp - 7,10 m, sølv i høgdehopp - 1,69 m
  • 1922: Gullmedaljar i høgdehopp (1,84 m) og i lengdehopp (6,99 m)
  • 1923: Gullmedaljar i høgdehopp (1,85 m) og i lengdehopp (7,06 m)
  • 1924: Gullmedaljar i høgdehopp (1,85 m) og i lengdehopp (7,28 m)
  • 1925: Gullmedalje i høgdehopp - 1,85 m, bronse i lengdehopp - 7,11 m

Kjelder endre

  • Raskest, høyest, lengst i 100 år. 1995

Bakgrunnsstoff endre