Sverre Måseidvåg

norsk skuleleiar

Sverre Måseidvåg (fødd 11. mai 1935) er ein tidlegare norsk skuleleiar. Han er cand. philol. frå Universitetet i Trondheim 1972.

Sverre Måseidvåg var leiar for Pedagogisk Tenestesenter for Indre- og Søre Sunnmøre ( 9 kommunar) i 1975-77. Han var tilsett som inspektør (prorektor) ved Volda lærarhøgskule i åra 1977-90 og rektor 1990-94. Måseidvåg blei valt som første rektor ved Høgskulen i Volda 1994-97. Han hadde studieopphald i 1997-98 ved Edith Cowan University i Perth i Australia.