Sverre Malvin Stensheim (31. oktober 193322. januar 2022) var ein norsk langrennsløpar frå Oppdal. Han tevla i alle år for IL Snøhetta. Stensheim vann femmila i Holmenkollen tre år på rad; i 1959, 1960 og 1961. Berre Lauritz Bergendahl (1912-15) og Thorleif Haug (1918-1921) har makta det same. Stensheim vann også 50 km i Lahti i 1962.

Sverre Stensheim

Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. oktober 1933
Oppdal
Død

22. januar 2022 (88 år)

Yrke langrennsløpar
Sverre Stensheim på Commons

Aktiv endre

Stensheim lukkast ikkje heilt i dei store meisterskapa. I OL 1960 i Squaw Valley vart han nummer ti på 50 km og nummer 20 på 30 km. OL 1964 i Innsbruck vart han nummer elleve på 30 km og kom på femte plass på 50 km. Svensken Sixten Jernberg vann 50 km føre landsmannen Assar Rönnlund, medan Harald Grønningen og Ole Ellefsæter kom på plassane bak Stensheim. Grønningen meiner dei norske løparane smurte seg vekk, ettersom det ikkje vart solskin den dagen.

Stensheim deltok i fire verdsmeisterskap; i 1954, 1958, 1962 og 1966. Hans beste VM-plassering var ellevteplass på 50 km i VM 1962 i Zakopane.

Stensheim vart noregsmeister to gonger, begge på 30 km, i 1959 og i 1960. Han vann elles ni sølvmedaljar i NM; fem på 50 km, tre på 30 km og ein på 15 km. I tre NM-renn hamna han på bronseplassen.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn endre

  • 1956: Nr 13 på 15 km i Holmenkollen
  • 1957: Nr 6 på 15 km i Holmenkollen
  • 1958: Nr 14 på 15 km i Holmenkollen
  • 1959: Vinnar av 50 km i Holmenkollen
  • 1960: Vinnar av 50 km i Holmenkollen, nr 2 på 50 km i Lahti. Nr 10 på 50 km i OL i Squaw Valley
  • 1961: Vinnar av femmila i Holmenkollen, nr 3 på 15 km i Lahti
  • 1962: Vinnar av 50 km i Lahti. Nr 11 på 50 km i VM i Zakopane
  • 1963: Nr 2 på 50 km i Lahti
  • 1964: Nr 5 på 50 km i OL i Innsbruck. Nr 3 på 15 km i Lahti
  • 1965: Nr 5 på 50 km i Holmenkollen
  • 1966: Nr 13 på 50 km i VM i Oslo

Medaljar og besteplasseringar i norgesmeisterskap endre

Han vart tildelt Morgenbladets Gullmedalje i 1959 og Holmenkollmedaljen i 1960.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar