Svati

(Omdirigert frå Swazi)

Svati er eit bantuspråk i nguni-gruppa som blir tala av swazifolket i Eswatini og Sør-Afrika. Nær ein million menneske i Eswatini og vel ein million i Sør-Afrika talar svati.[2] Språket er nærskyldt med nguni-språka phuthi, zulu, sør-ndebele, nord-ndebele og xhosa.

Svati
siSwati
Klassifisering: Niger-kongo-språk
 Atlantisk-kongo-språk
  Benue-Kongo
   Bantoid
    Sør-bantoid
     Bantu
      Sør-bantu
       Nguni
        Tekela
Bruk
Tala i: Eswatini, Sør-Afrika, Lesotho, Mozambique
Svatitalande i alt: 2 034 000 (2006) [1]
Skriftsystem: Latinsk
Språkkodar
ISO 639-1: ss
ISO 639-2: ssw
ISO 639-3: ssw
Wikipedia på svati
Geografisk utbreiing av svati i Sør-Afrika – kor stor del av folket som snakkar svati som heimespråk.
██ 0–20% ██ 20–40% ██ 40–60% ██ 60–80% ██ 80–100%
Geografisk utbreiing av svati i Sør-Afrika – tettleik av morsmålsbrukarar.
██ <1 /km² ██ 1–3 /km² ██ 3–10 /km² ██ 10–30 /km² ██ 30–100 /km² ██ 100–300 /km² ██ 300–1000 /km² ██ 1000–3000 /km² ██ >3000 /km²

BrukEndra

Det blir undervist i svati i skular i Eswatini og i nokre skular i Mpumalanga og KaNgwane-området i Sør-Afrika. Svat er offisielt språk i Eswatini, ved sida av engelsk, og er også eit av elleve offisielle språk i Sør-Afrika. Språkbrukarane kan i stor grad lese og skrive språket.

DialektarEndra

Svati tala i Eswatini kan delast i tre dialektar: baca, hlubi og phuthi. Standard svati blir hovudsakleg brukt nord i språkområdet, og det er denne dialekten som skal ha størst prestisje.

FonologiEndra

KonsonantarEndra

[3]

  Labial Dental Alveolar Alveolar
Lateral
Palatal
(-alveolar)
Velar Glottal
Nasal m   n   ɲ ŋ  
Lukkelyd pʰ pʼ b ɓ   tʰ tʼ d      kʰ kʼ g ɠ  
Affrikat     ts  dz     tʃʼ dʒ     
Frikativ f  v   s  z ɬ  ɮ ʃ  ʒ   h  ɦ
Approksimant       l j w  
Klikkelydar   ǀ ǃ        

GrammatikkEndra

SubstantivEndra

I svati er substantiva samansett av to delar, eit prefiks og ein ordstamme. Ut frå prefiksa kan vi gruppere substantiva i ulike klassar.

Klasss Eintal Fleirtal
1/2 um(u)-1 ba-, be-
1a/2a Ø- bo-
3/4 um(u)-1 imi-
5/6 li- ema-
7/8 s(i)-2 t(i)-2
9/10 iN-3 tiN-3
11/10 lu-, lw-
14 bu-, b-, tj-
15 ku-

1 umu- erstattar um- einstavingsstammar, som t.d. umuntfu (person).

2 s- og t- erstattar si- and ti- framfor stammar som begynner med vokal, som sandla/tandla (hand/hender).

3 The placeholder N in the prefixes iN- and tiN- for m, n or no letter at all.

OrdEndra

Nokre døme på ord og setningar:

Norsk Swazi
Velkommen Sondzela
Takk Siyabonga
Goddag / hallo Sawubona
Røyking forbode Akubhenywa
Ingen tilgang Akungenwa
Pass opp! Caphela!
Lykke til med fødselsdagen Lusuku lwekutalwa loluhle
God jul og godt nyår Khisimusi lomuhle kanye neMnyaka lomusha lonenjabulo

KjelderEndra

  1. Ethnologue
  2. Tal frå Ethnologue
  3. Su-I Chen and Gloria Malambe, Palatalization in SiSwati: An Optimality Theoretic Approach, in Maddieson & Hinnebusch (eds.), Language History and Linguistic Description in Africa (1998), s. 138