Eswatini
Eswatini eller eSwatini, tidlegare Swaziland, er eit kongedøme i det sørlege Afrika. Staten er ein av dei minste i Afrika, og ligg mellom Sør-Afrika og Mosambik på austsida av fjellkjeda Drakensberg. Namnet er kalla opp etter bantufolket swazi.
Umbuso weSwatini Kingdom of Eswatini (norsk: Eswatini, eswatinisk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Nkulunkulu Mnikati wetibusiso temaSwati» | ||||||
Motto | Swati: Siyinqaba (Vi er festninga) | ||||||
Offisielle språk | Swati og engelsk | ||||||
Hovudstad | Mbabane | ||||||
Styresett |
Monarki Mswati III Cleopas Sipho Dlamini | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
17 364 km² (155.) 0,9 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
1 467 152 (151.) 84,5 /km² (98.) | ||||||
Sjølvstende - Dato |
Frå Storbritannia 6. september 1968 | ||||||
Nasjonaldag | 6. september | ||||||
BNP – Totalt () – Per innbyggjar |
mill. USD (.) USD (.) | ||||||
Valuta | Lilangeni | ||||||
Tidssone | UTC +2 | ||||||
Telefonkode | +268 | ||||||
Toppnivådomene | .sz
|
Administrativ inndeling
endreEswatini er inndelt i fire provinsar: Hhohho, Lubombo, Manzini og Shiselweni.
Fakta
endre- Lågaste punkt: Elva Great Usutu, 21 moh.
- Naturressursar: Asbest, kol, vasskraft, skog, små mengder med gull og diamantar
- Folks gjennomsnittsalder: 18,5 år (2002)
- Folks middellivslengde: 39,5 år (2003)
- Spedbarnsdøydelegheit: 6,7 % (2003)
- Etniske grupper: afrikanarar 97 %, europearar 3 %
- Religion: zionistar (ei blandning av kristendom og dyrking av forfedrar) 40 %, katolikkar 20 %, muslimar 10 %, andre 30 %
- Analfabetisme: I 2003 var om lag 20 % av folkesetnaden over 15 år analfabete
Klima
endreFjella i landet gjev store skilnader i temperatur og nedbør. I dei høgareliggande områda mot vest er vinteren tørr og mild, og nettene vert ofte kalde. Sommaren er varm med litt meir nedbør, men temperaturane vert sjeldan veldig høg. Mbabane har ein årleg nedbørsnormal på 1401 mm. Landet heller mot aust, og grenseområda mot Mosambik er lågland med nesten tropisk klima. Sommaren her er varm og fuktig.