Sykkelhotell

Sykkelhotell er eit offentleg avlåst parkeringshus for syklar der berre dei som skal nytte huset har tilgjenge. Det vert gjerne kravd at ein må abonnere på plass i sykkelhotella for å få tilgjenge, og ofte er tryggleiken auka ved hjelp av overvaking med videokamera.

Sykkelhotell (parking vélos sécurisé) på jarnbanestasjonen i Vichy i Frankrike

Ved å sikre at sykkelen ikkje vert stole eller utsett for skadeverk medan han står parkert, skal sykkelhotella gjere det lettare for folk å nytte sykkel som framkomstmiddel til og frå arbeid og i fritida, særleg ved å kunne kombinere bruk av sykkel med bruk av kollektive transportmiddel. Ein finn sykkelhotell på fleire jarnbanestasjonar, T-banestasjonar og andre kollektivknutepunkt, ved universitet og andre offentlege institusjonar. I fleire av sykkelhotella er det installert utstyr som gjev høve til å lade opp elektriske syklar.

Det fyrste sykkelhotellet ved ein jarnbanestasjon i Noreg vart bygd i Drammen i 2013.

BakgrunnsstoffEndra