Sylfest Muldal

norsk skulemann

Sylfest Hansson Muldal (17. mai 18726. september 1963) var ein norsk skulemann frå Norddal kommune.

Sylfest Muldal
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. mai 1872
Muldalen
Død

6. september 1963 (91 år)
Tønsberg

Yrke lærar, forfattar

Muldal var frå fjellgarden Muldal og tok lærareksamen i 1891. Fram til 1900 var han lærar ymse stader, frå 1900 underviste han ved Foss skole i Kristiania. I 1915 fekk han stilling som skuleinspektør i Tønsberg, eit arbeid han hadde til han gjekk av i 1942.

Muldal skreiv tre forteljingar/romanar som kom ut i åra 1895-97. Frå 1905 gav han ut fleire læreverk både i norsk, geografi, historie og kristendomsfaget. Han stod også bak fleire rettskrivingslister/-bøker i tida fram til 1939. I 1948 kom han med Kulturkrisen og følelselivet. Elles var Muldal også aktivt med i lokalpolitikk og i arbeid for lærarorganisasjonar.

Kjelder endre