Sylte i Fjord

tettstad i Fjord
(Omdirigert frå Sylte i Norddal)

Sylte er kommunesenteret og gard i Fjord kommune i Møre og Romsdal fylke. Staden har ligg ved Norddalsfjorden, nedst i Valldal. Valldalselva (også kalla Valldøla) renn ut i fjorden her. Sylte ligg på austsida av elva og elveosen, Muri ligg på motsett side av elva. Sylte er ein gamal gard (grend), men størstedelen av innmarka er no brukt til tomt for sentrumsbygg. Sjølve garden Sylte går om lag 2 km oppover i dalen og omfattar Ødegård og den skogkledde Syltemoa med sandtak.[1] Fram til omkring 1955 var delar av Sylte ein allmening eigd av bønder oppover i dalen, på allmenningen stod naust og såkalla kyrkjebuder der bøndene kunne sette inn hesten og lagre private saker.[2] På den tidlegare allmenningen er det no bensinstasjon, bilverkstad og daglegvareforretning.

Sylte
stad
Sylte sett frå fjorden (Syltefjellet t.h, sandtaket i bakgrunnen)
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Fjord
Postnummer 6210 VALLDAL
Kart
Sylte
62°17′52″N 7°15′49″E / 62.2978°N 7.26361°E / 62.2978; 7.26361
Sylte kyrkje frå 1863.

Her ligg Sylte kyrkje, barne- og ungdomsskulen Valldal skule og andre sentrumsfunksjonar som kommunehus og bank.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Tafjord, Leonhard (1966): Hus og heim - gard og grend. Norddal bygdebøker band II. Norddal sogenemnd.
  2. Linge, Terje (2011): Årbok for Norddal.

Bakgrunnsstoff endre