Opna hovudmenyen

Sylvi Listhaug (fødd 25. desember 1977 i Ålesund) er ein norsk politikar for Framstegspartiet. Ho er frå 3. mai 2019 eldre- og folkehelseminister i regjeringa Solberg.[1]

Sylvi Listhaug
Sylvi Listhaug Sentralbanksjefens årstale 2018 (185726).jpg
Sylvi Listhaug
Foto: Tore Sætre
Fødd 25. desember 1977 (41 år)

Ålesund i Møre og Romsdal

Nasjonalitet Flag of Norway.svg Noreg
Parti Framstegspartiet
Yrke Adjunkt, politikar
1. verv Eldre- og folkehelseminister
 - periode 3. mai 2019 - d.d.
 - regjering Solberg
 - føregangar Åse Michaelsen
2. verv Norsk justis-, beredskaps- og innvandringsminister
 - periode 17. januar 2018– 20. mars 2018
 - regjering Solberg
 - føregangar Per-Willy Amundsen
 - etterfylgjar Tor Mikkel Wara
3. verv Norsk innvandrings- og integreringsminister
 - periode 16. desember 2015– 17. januar 2018
 - regjering Solberg
4. verv Norsk landbruks- og matminister
 - periode 16. oktober 2013– 16. desember 2015
 - regjering Solberg
 - føregangar Trygve Slagsvold Vedum
 - etterfylgjar Jon Georg Dale
5. verv Byråd i Oslo for helse, eldreomsorg og sosiale tenester
 - periode 18. januar 2006– 27. september 2011
 - føregangar Margaret Eckbo
 - etterfylgjar Anniken Hauglie
Wikimedia Commons: Sylvi Listhaug

Listhaug har tidlegare vore landbruks- og matminister i Solberg-regjeringa, frå 2013 til 2015. Frå den posten gjekk ho til å vera Innvandrings- og integreringsminister i Justis- og beredskapsdepartementet, ein ministerpost som blei oppretta med verknad frå 16. desember 2015.[2] Ho var justis-, beredskaps- og innvandringsminister i frå 17. januar til 20. mars 2018.[3]

Listhaug har vore medlem av sentralstyret i Framstegspartiet sidan 2005. Ho var byråd med ansvar for pleie- og omsorgstenesta, sosialtenesta, rusomsorga og barnevernet i Oslo 2006–2011. I åra 2009–2011 fungerte ho også som byrådsnestleiar.

Ho blei nominert til nestleiar i Framstegspartiet i 2018.

Innhaldsliste

Familiebakgrunn og yrkeskarriereEndra

Listhaug er oppvaksen på ein familiegard med mjølkeproduksjon i ØrskogSunnmøre.[4] Som tenåring var ho ivrig fotballspelar. Ho har studiekompetanse frå Spjelkavik vidaregåande skule frå 1996 og utdanning som adjunkt med fordjuping i samfunnskunnkap, historie og spesialpedagogikk frå Høgskulen i Volda frå 2000.

Ho hadde ei praktikantstilling i representanthuset i Washington, D.C. 2004–2005. Hausten 2006 var ho tilbake i Washington, D.C. i fire månader for å studere amerikansk politikk. Ho var pleieassistent ved Ørskog aldersheim 1995–2000 og faglærar ved Sjøholt skule i Ørskog 2000–2001. I 2012 blei ho seniorrådgjevar i PR-byrået First House i Oslo.

Sylvi Listhaug er gift og har born.

Politisk arbeidEndra

Sylvi Listhaug har sin politiske bakgrunn frå Framstegspartiets Ungdom, der ho sat i sentralstyret 2002–2006. Listhaug var politisk rådgjevar for Framstegspartiets fraksjon i Stortingets kyrkje-, utdannings- og forskingskomité 2001–2004 og byrådssekretær for Margaret Eckbo i 2005. Då Eckbo trekte seg som byråd, overtok Listhaug som byråd for helse og eldreomsorg i januar 2006.

Som byråd ønskte Listhaug blant anna å gjera Oslo til eit utstillingsvindauge for fritt brukarval i eldreomsorga,[5] og stod bak innføringa av fritt brukarval innanfor heimehjelpstenesta i 2006. I 2011 blei fritt brukarval også innført i heimesjukepleia.[6] Listhaug har også gått inn for å auka satsinga på heimehjelp[7][8] samt gjeninnføra aldersheimane[9][10] i Oslo. Listhaug er oppteken av å auka kvaliteten på sjukeheimane og har innført Lotte-modellen[11] ved blant anna Fagerborghjemmet, Manglerudhjemmet og Lilleborg sykehjem i Oslo.[12][13]

I august 2009 blei det sett søkeljos på Listhaug si involvering i Sjukeheimsskandalen i Oslo.[14] I februar 2010 tok Erling Folkvord frå Raudt til orde for at Listhaug burde ha gått av som følgje av saka.[15]

Ho var vararepresentant til Stortinget frå Møre og Romsdal 2001–2009, deretter 1. vararepresentant frå Oslo 2009–2013, og møtte i til saman tre månader.

Korridorpolitikar (lobbyist) i First HouseEndra

I 2012 vart Listhaug seniorrådgjevar i PR-byrået First House i Oslo, og arbeidde der til ho gjekk inn i regjeringa i 2013.[16][17][18][19][20] I samband med at Oslo kommune arbeidde for å få Vinter-OL til Oslo i 2022, fekk Listhaug oppgåva med å overtala Framstegspartiet til å stemme for ein statsgaranti for dette arrangementet.[21][22] Etter at Høgre sa endeleg nei til å gje statsgaranti, trekte Oslo kommune søknaden om å få Vinter-OL i 2022 og etaten Oslo2022 vart avvikla 31. desember 2014.[23]

KjelderEndra

  1. Vigsnæs, Maria Knoph (3. mai 2019), «Sylvi Listhaug er ny eldre- og folkehelseminister», NRK (på bokmål), henta 3. mai 2019 
  2. regjeringen.no Endringer i regjeringen 16.12.2015
  3. «Endringer i regjeringen». Regjeringa.no. 17. januar 2018. Henta 18. januar 2018. 
  4. Vermes, Thomas (16. oktober 2013). «Sylvi Listhaug: - Eg er ei stolt odelsjente». ABC Nyheter. Henta 18. oktober 2013. 
  5. Dagbladet: Oslos nye sosialbyråd ... er oppriktig glad i gamle mennesker. Kanskje er det derfor hun vil sette dem ut på anbud.
  6. Oslo Kommune: Hjemme Best.
  7. Aftenposten: Mer og bedre hjemmehjelp
  8. Østkantavisa: Best i klassen igjen.
  9. Aftenposten: - Å legge ned aldershjemmene var en gigantisk tabbe, mener eldrebyråd Sylvi Listhaug.
  10. Nordre Aker Budstikke: Første Omsorg+ åpnet.
  11. NRK Puls: En fest å bli gammel
  12. Lokalavisen Frogner: Fagerborghjemmet er himmelriket
  13. Lokalavisen: Lilleborg vant Lotte-trekningen
  14. TV2: Anklager kommunen etter sykehjem-skandale
  15. P4: Sykehjemsskandalen: - Byråden bør gå
  16. https://www.dagbladet.no/nyheter/erna-far-ikke-se-first-house-listhaugs-hemmelige-kundeliste/62264614
  17. https://www.nettavisen.no/politikk/--hva-har-sylvi-listhaug-a-skjule/3698894.html
  18. https://e24.no/jobb/frp-listhaug-til-first-house/20128280
  19. http://www.dagsavisen.no/innenriks/matgiganter-hyret-inn-first-house-1.296158
  20. http://www.dagsavisen.no/innenriks/listhaugs-hemmelige-oppdrag-for-first-house-1.279122
  21. https://www.dagbladet.no/sport/faktura-avslorer-sylvi-listhaug-ble-betalt-for-a-pavirke-fremskrittspartiet/69197695
  22. https://www.dn.no/meninger/2017/12/21/2058/Leder/dn-mener-ugreit-med-muldvarp-i-frp
  23. Oslo kommune stanser OL-planene

BakgrunnsstoffEndra