Tornsongar

(Omdirigert frå Sylvia communis)

Tornsongaren (Curruca communis) er ein fugleart i songarfamilien.

Tornsongar
= Song
=
Song
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]██ Hekkeområde ██ Passasje ██ Overvintring

██ Hekkeområde ██ Passasje ██ Overvintring

Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Sylvioidea
Familie: Songarfamilien Sylviidae
Slekt: Curruca
Art: Tornsongar C. communis
Vitskapleg namn
Curruca communis

Utsjånad og lyd endre

Fuglen er 13-15 cm lang og veg 12-17 gram. Oversida er gråbrun, vengane raudbrune og undersida er lyst beige. Den livlege fuglen har tynn kvit augering, relativt lang stjert og beige bein. Hannen har grått hovud og kvit strupe. Hoa har mindre utprega fargar rundt hovudet, meir som resten av kroppen.

Songen er ein serie knirkande lydar. Liknar litt på buskskvetten sin song, ein art med eit liknande val av habitat. Elles kan ein stundom høyre ein kort snerrande lyd.

Utbreiing endre

Fuglen er vanleg i det meste av Europa, unnateke Nord-Skandinavia. Utbreiinga strekker seg frå dei britiske øyane i vest til Tian Shan i Kina i aust, og frå Marokko i sør til polarsirkelen i nord. Fire underartar er skildra innanfor dette området. I Vest-Europa er det nominatunderarten communis som hekkar. I Europa reknar ein med 14-25 millionar hekkande par. Turke i Sahel-området på 1960-talet gjorde at bestanden i Europa gjekk dramatisk attende, og botnen vart nådd i 1973-1974. Sidan har talet på fuglar auka.

Biotop og utbreiing i Noreg endre

Tornsongaren lever i opne område med busker og kratt med frodig undervegetasjon. Han føretrekk kulturlandskap. I Noreg er han vanleg i låglandet i Sør-Noreg til og med Trøndelag, med hovudutbreiinga langs kysten. Han finst spreitt i Nordland til polarsirkelen. 50-300 tusen par hekkar i landet.[2]

Føde endre

Tornsongarar et insekt og insektlarver, edderkoppar og bær.

Hekking endre

Reiret, som vert bygd av gras, røter, hår og strå, er skålforma og vert plassert nær marka i tette vekstar. Hoa legg 4 til 5 egg. Gauken legg i blant egg i tornsongarreiret.

Trekkvanar endre

Dei første fuglane flyg sørover allereie i slutten av juli, og hausttrekket kulminerer i slutten av august. Nominatunderarten overvintrar i Vest-Afrika mot aust til Sudan, Kongo, Uganda og sørover til Botswana. Det ser ut til at dei fleste tornsongarane har ei sørleg og sørvestleg trekkretning når dei flyg frå Noreg om hausten. Vårtrekket frå Afrika byrjar i mars, og dei første fuglane kjem til hekkeplassane i Noreg i slutten av april. Dei fleste kjem utover i mai.

Galleri endre

Kjelder endre

  • Norsk fugleatlas, Norsk Ornitologisk Forening, 1994.
Referansar
  1. Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av tornsanger Curruca communis for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 13. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 13. mars 2022. Henta 13. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Tornsongar