Castlevania: Symphony of the Night

(Omdirigert frå Symphony of the Night)

Castlevania: Symphony of the Night er eit plattform-action-eventyr-rollespel i Castlevania-serien, utvikla og utgjeve av Konami i 1997 til PlayStation. Det er regissert og produsert av Toru Hagihara, med Koji Igarashi som assisterande regissør. Symphony of the Night er ein direkte oppfølgjar til Castlevania: Rondo of Blood og går føre seg fire år etter. Det handlar om halvvampyren Alucard, son av Dracula, som vaknar frå søvnen sin for å utforske slottet til Dracula, som har atterreist seg etter at Richter Belmont har forsvunne. Symphony of the Night markerer eit skifte frå tidlegare spel i Castlevania-serien, og introduserer utforsking, ikkje-lineær nivådesign og rollespelelement.[1]

Castlevania: Symphony of the Night
Utviklar(ar)Konami Computer Entertainment Tokyo
Utgjevar(ar)Konami
DistributørGoogle Play, App Store
Kreativt ansvarleg(e)Toru Hagihara
Koji Igarashi
Produsent(ar)Toru Hagihara
ForfattarKoji Igarashi
Toshiharu Furukawa
Komponist(ar)Michiru Yamane
SerieCastlevania
Plattform(er)PlayStation, Sega Saturn, PlayStation Portable, PlayStation 4
UtgjevingPlayStation
JP: 20. mars 1997
NA: 2. oktober 1997
EU: 1. november 1997
Sega Saturn
JP: 25. juni 1998
PlayStation Portable
JP: 8. november 2007
NA: 23. oktober 2007
EU: 18. februar 2008
PlayStation 4
26. oktober 2018
SjangerPlattform-eventyr (Metroidvania)
SpelemodusEinspelar
AldersgrensePEGI 12
Del av serien Castlevania⠀

Opphavleg selde spelet mindre bra,[2] men etter at det fekk gode kritikkar auka salet, særleg i USA.[3] Det har blitt utgjeve på nytt på fleire plattformer og er av fleire rekna som ein kultklassikar.[4]

Referansar endre

  1. «Castlevania: Symphony of the Night turns 20 today». Eurogamer. Henta 21. oktober 2018. 
  2. Parish, Jeremy. «Sony PlayStation - Castlevania Symphony of the Night». Gaming Intelligence Agency. Arkivert frå originalen 6. juli 2012. Henta 30. oktober 2020. 
  3. «The History of Castlevania». GameSpot. Arkivert frå originalen 17. juni 2009. Henta 6. mai 2006. 
  4. «Vi ser tilbake på herlige Castlevania: Symphony of the Night». Gamer.no. Henta 21. oktober 2018.