Synnøve Anker Aurdal
Synnøve Anker Aurdal (8. desember 1908–2. april 2000) var ein norsk tekstilkunstnar, kjend som ein fornyar av kunstforma. Ho var både fødd og døydde i Oslo.
Synnøve Anker Aurdal | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 8. desember 1908 Oslo |
Død | |
Yrke | tekstilkunstnar |
Ektefelle | Leon Aurdal, Ludvig Eikaas |
Synnøve Anker Aurdal på Commons |
Synnøve Anker utdanna seg på 1930-talet ved Prestgards vevskule på Lillehammer, og deretter ved Statens Kvinnelige Industriskole i Oslo. Ho heldt si fyrste utstilling hos Kunstnerforbundet i Oslo. Gjennom bruk av ulike materialar og teknikkar fornya ho tekstilhandverket, mellom anna tok ho i bruk modernistiske former. Mellom hennar fremste verk er Høyseteteppet frå 1961, eit bestillingsarbeid til Håkonshallen. Eit kjent verk frå seinare tid er Rommet og ordene frå 1977, det er utstilt i det islandske nasjonalbiblioteket i Reykjavik.
Frå 1983 hadde Aurdal årleg kunstnarløn frå den norske staten. Ho var elles riddar av St. Olav, og mottok Prins Eugen-medaljen.
Ho var fyrst gift med målaren Leon Aurdal, seinare med Ludvig Eikaas.