Syreradikal
funksjonell gruppe
Syreradikal, acyl eller acylgruppe er ei funksjonell gruppe som er knytt til hydroksyl (OH) i eit syremolekyl.
Til dømes er formelen til eddiksyre CH3COOH, og eddiksyreradikalet er då CH3CO. På same måten er syreradikalet (benzoyl) til benzosyre C6H5CO. Slike syreradikal finst i mange organiske sambindingar. Døme er acetamid (CH3CONH2), etylacetat (CH3COOC2H5) og hippursyre (C6H5CONHCH2COOH).
Innføring av syreradikal i ymse sambindingar vert gjerne kalla acylering og er ein viktig prosess i organisk kjemi.
Kjelder
endre«syreradikal» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 8. januar 2017.