Syreslekta
planteslekt
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå syre.
Syreslekta |
![]() Engsyre (Rumex acetosa)
|
Vitskapleg namn |
Rumex |
Utbreiing |
Område: Den nordlege halvkula |
Systematikk |
Syrer er ei planteslekt i slireknefamilien som omfattar rundt 200 artar av eittårige, toårige og fleirårige (staudar med syrlege blad. Dei store, grove artane blir i Noreg gjerne kalla «høymole» og dei mindre «syre».
Syrene er opprettveksande plantar med kraftige pålerøter. Blada dannar ein grunnstilt rosett, mens dei få blada på dei blomstrande skota er spreidtstilde og som regel smalare. Blomane er svært små, men sit samla i store mengder i toppen av skota. Dei fleste artane inneheld oksalsyre og tannin.
I Noreg finst det 16 artar, fleire er innførte og rekna som ugras, medan andre kan etast. Engsyre og småsyre er mellom dei som kan brukast til supper og salatar.
BakgrunnsstoffEndra
KjelderEndra
- «Syre: planteslekt» (5. desember 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 5. april 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Syreslekta» frå Wikipedia på bokmål, den 5. april 2014.