Tømmerkran, eller gripelastar er ei hydraulisk manøvrert kran som vert nytta for å lasta tømmer på/av lastetraktorar, tømmerhengarar, lastebilar, godstog, osb.

Tømmerkran på ein Rotne Rapid lassberar.

Dei fyrste tømmerkranene vart opererte med vinsjar, men frå 1960-talet tok hydraulisk drift over. På tømmerhengjarar og rammestyrte lastetraktorar er tømmerkrana ofte montert på den bakre lassberande delen, men ho kan òg vera montert bak på traktoren eller den fremre delen av ei rammestyrt maskin. Montering over taket på førarhuset har òg vore nytta.

Somme tømmerbilar er utstyrte med eigne tømmerkraner, men på grunn av at dette reduserer nyttelasta er det meir vanleg å nytta ein separat lastebil med tømmerkran, eller ein hjullastar med tømmergrip til lasting.

Galleri endre