Tømmersvans
Tømmersvans eller berre svans er ei sag nytta for å fella og kappa tømmer. Dei fyrste svansane var avkappa stokksager, men rundt 1860 kom det fabrikklaga svansane på marknaden[1]. Desse var valsa, og hadde tynnare sagblad enn dei heimelaga svansane, og bladet smalna av mot enden. For at bladet skulle gli lettare i sporet var det vanleg, spesielt i sevjetida, å smørja det med til dømes parafin.
Akkurat som stokksager kunne tømmersvansane ha fleire ulike typar tenner, men på grunn av at rivttenner var enklare å fila fekk desse stor utbreinad[2].
Tømmersvansen vart nytta for felling og kapping heilt til motorsagene tok over på 1950-talet.
Galleri
endre-
Ein svans med høveltenner
-
Ein svans med høveltenner, påmontert ein sagkamerat